Google
Skriv ut print

Reflekstur med spøkjelseshistorier på Bjorøyna

Tysdag i sist veke var det klassetur og vandring i mørket for 4. klassetrinn på Bjorøy skule.

Nokre av foreldra hadde hengt opp 88 refleksar på stien over fjellet frå Bjorøy skule over Nibben og ned til Søre Bjorøyna. Med hjelp av lommelykter følgde elevane refleksstien frå bedehuset over fjellet.

Refleksløypa var populær blant elevaneRefleksløypa var populær blant elevane
Refleksløypa var populær blant elevane

- På Nibben leste vi ei spøkjelseshistorie og koste oss med boller og kakao. Det vart ein spennande tur, og barna var heilt begeistra, seier klassekontakt Hilde Elisabeth Sandal.

Sandal sit også i styret for Bjorøy og Tyssøy Velforening, og det vart konkludert med at refleksane gjerne kunne hengja. Grunneigarane har helsa tiltaket velkomen, og det er kjøpt inn ei bok med 10 spøkjelseshistorier. Boka er plassert i den velkjente postkassen på Nibben.

- På heimesida til velforeininga har vi oppmoda dei vaksne til å ta med seg barna på ein spennande privat reflekstur på øya, seier Hilde Elisabeth Sandal.

På Nibben var det opplesingPå Nibben var det opplesing
På Nibben var opplesing av spøkjelseshistorie og ei god matøkt


Foto: Hilde Elisabeth Sandal


Publisert:
09.11.2011
Sist oppdatert:
09.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom