Til hausten reiser den nyutdanna sjukepleiaren frå Ågotnes i Fjell, Birthe Christin Johansen, til Haydom i Tanzania for tredje gong på eitt år.
I september i fjor skulle ho saman med tre andre studentar ha sin praksis på barneavdelinga på misjonssjukehuset i Haydom, seks timars kjøretur frå byen Arusha nord i Tanzania. Men det vart ikkje berre med denne turen. I løpet av opphaldet trefte Birthe den ni år gamle Robina. Jenta var sjelauga og dermed stigmatisert og utestengt frå familie vener.

Birthe Christin Johansen
- Robina fekk ikkje gå på skule. Etter ei stund fekk eg ordna med operasjon for jenta for 150 kroner. Faren til jenta er ukjent, og mora er ute av biletet på grunn av alkoholmisbruk. Den nærmaste pårørande for jenta er bestemora som også har problem med alkohol. Eg arbeidde med å Robina inn på skulen. Dermed vart det ny tur til Tanzania for meg i maris i år for å hjelpa henne til å få skulegang. Etter mykje om og men og med god hjelp frå tanzanianske og norske vener, fekk vi henne inn på ein internatskule i april. Endeleg får ho gå på skule, ei seng å sova i og ein trygg plass å vera, seier Birthe.
Men det vart travelt for sjukepleiaren under opphaldet i Haydom i mars. Birthe skulle eigentleg skriva bacheloren sin i Tanzania.
- Det vart lite tid til dette ettersom eg jobba på fødeavdelinga kvar dag. Eg var med på 30 fødslar og fekk ta imot mine to første barn som starten på jordmorutdanninga eg har planar om å starta opp med neste sommar, seier Birthe.
Tredje tur i oktober
Billettar til neste tur til Tanzania er allereie tinga. I oktober reiser ho dermed for tredje gong til Tanzania. Ho skal vera der i 17 dagar saman med ein lege, to jordmødrer og psykiatrisk hjelpeleiar.
- Eg vonar å få eit fjerde opphald på Haydom i tre til seks månader i 2013. Min draum er å få arbeida som jordmor i Tanzania, seier Birthe Christin Johansen som innimellom travle studium har teke vakter på Fjell sjukeheim.
På begge dei to første turane vart det samla inn både klede, utstyr og pengar til barneavdelinga på sjukehuset. Men det er avgrensa kor mykje ein kan få med seg på desse turane. Difor sendte Birthe i vår på eige initiativ 400 kilo klede og leker med båt frå Stavanger til Tanzania. Ho har fått klede og utstyr frå mellom anna forretninga Mikkeline på Ågotnes. I tillegg har vener strikka klede og gjeve henne nye og brukte klede. Birthe har gjort kjent sitt behov for hjelp via Facebook
Ho ser fram til å møta Rabina når ho igjen reiser til Haydom i oktober.

Birthe og hjarteknusaren Robina
- På grunn av familiesituasjonen er eg vorte meir ein omsorgsperson for Robina enn det mora og bestemora nokon gong har vore. Rabina er min hjarteknusar, seier Birthe Christin Johansen.
Tekst: VigleiK Brekke