Interessa for Ungdommens KulturMønstring 2012 i region vest er så stor at arrangementet i kultursalen i Fjell rådhus laurdag 28. januar må framskundast i to timar. Det er Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som står saman om dette arrangementet.
Mellom klokka 12.00 og 21.30 skal 180 ungdomar på scena og framføra nesten 100 innslag. Oppslutnaden har stige med 50 prosent frå 2011 til 2012. Arrangementet i Fjell er pr. dato det klart største i Hordaland dette året.
Stor kulturmønstring i kultursalen laurdag kveld
Stor kulturmønstring i kultursalen laurdag kveld
Frå Fjell er det 80 deltakarar med 37 innslag. Kulturskulesjef i Fjell, Bjørn Andersen, er imponert over interessa for UKM.
- Eg er positivt overraska over at så mange har meldt seg på i år. Vi gler oss veldig til laurdag, seier Bjørn Andersen.
Ikkje vanleg konkurranse
Andersen opplyser at dette ikkje er ein konkurranse i vanleg forstand, men at juryen plukkar ut dei som går vidare og representerer heimkommunane sine på fylkesmønstringa 14. april. Juryen ser særleg på originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet. Målet er at deltakarane skal få visa fram talentet sitt i ei profesjonell ramme.
Tema det skal konkurrerast i er klassisk/vise/pop, musikal/teater/dans, kunspresentasjon og rock.
Tekst: Vigleik Brekke