Styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, meiner kommunane kan gjera meir overfor statlege organ når det gjeld oppfølging av mållova. Ei undersøking syner at berre eín av 10 kommunar har klaga til staten over at skriv vert sendt i feil målform.
Men i sitt føredrag på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i Suldal på torsdag (28.04) gav Grepstad ros til Fjell.
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad
- Fjell kommune har verkeleg sagt frå og skal ha all ære for det, sa Grepstad i føredraget. Bakgrunnen for dette utsagnet er at Fjell kommune i desember gjorde Kulturdepartementet merksam på at dei statlege organa ikkje sende skriv til kommunen på nynorsk slik dei etter lova skal. I løpet av ein periode på to og ein halv månad i 2010 var alle skriva frå departementa til Fjell kommune skrivne på bokmål. Saka fekk stor omtale i media, mellom anna i Vestnytt og NRK.
Staten sine brot på mållova vert stadfesta av ei kartlegging LNK, Nynorsk kultursentrum og Språkrådet gjennomførte i vinter. Undersøkinga synte at seks at 10 kommunar får sjeldan eller aldri rundskriv på nynorsk frå staten.
Mållova fører til auka nynorskbruk
Grepstad understreka likevel at mållova har hatt ein positiv effekt. Mållova av 1930 gjaldt truleg for færre enn 10 tusen statstilsette. I dag gjeld mållova for meir enn 150 tusen tilsette i staten.
- Mållova har ført til auka bruk av nynorsk i offentleg forvaltning, sa Grepstad. Han minna også om at kommunane kan gjera meir internt for å oppretthalda god språkbruk.
- Mange kommunar har friteke avdelingar eller grupper frå formelle språkkrav, og mange kommunar har late avdelingar, yrkesgrupper eller nøkkelpersonar gjera som dei vil, sa Ottar Grepstad.
På fredag føremiddag vart Astrid Myran Aarvik vald som ny styreleiar i LNK. Ho er kultursjef i Lærdal kommune. Myran Aarvik avløyser Jan Magne Dahle (Ørsta kommune) som har vore leiar av styret dei siste åtte åra. LNK vart skipa i 1993. I dag er 103 kommunar, fire fylkeskommunar og 15 interkommunale tiltak/regionråd medlem i LNK.
Les meir om landstinget på heimesida til LNK. http://lnk.no/
Tekst: Vigleik Brekke
Foto : Elin Moen Karlsen, Norsk Plan