Om lag klokka 12 i dag oppstod det røykutvikling frå ein tørketrommel på Fjell sjukeheim. Styrar Morten Amundsen opplyser at tørketrommelen straks vart slått av, og brannvesenet vart tilkalla.
- Ein del av det elektriske anlegget i trommelen hadde smelta, og dette førte til røykutvikling. Brannvesenet og politiet var på plass i løpet av kort tid, og situasjonen var under kontroll. Det var ikkje behov for evakuering av bebuarar på sjukeheimen, seier Morten Amundsen.