Både Ungdommens kommunestyre (UKS) og eldrerådet ønskjer å utvida samarbeidet.
På møtet i går (10. januar) var både UKS og eldrerådet samde om å setja ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida med felles tiltak. Gruppa skal særleg arbeida for at kollektivtilbodet vert betre både for unge og eldre. Det er Berit Anita Larsen og John Kjell Fjell som representerer eldrerådet, medan Joachim Indrevik, Camilla Soto Peterson og Linn Kristin Fauskanger vert UKS sine representantar i arbeidsgruppa.
UKS fekk besøk av Berit Anita Larsen og John Kjell Fjeld frå eldrerådet.
UKS fekk besøk av Berit Anita Larsen og John Kjell Fjeld frå eldrerådet.
I tillegg til å arbeida med kollektivtilbodet, skal gruppa samarbeida om å få realisert bygging av skaterampe. I møtet i går vart det vist til tiltredingserklæringa der det står at det skal planleggjast for skaterampe sentralt på Straume eller Ågotnes i nærleik til møteplassar for unge.
Innspel til trafikksikringsplan
UKS gav ei rekkje konkrete innspel til kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/20. Planprogrammet har lege ute til offentleg høyring, og UKS lista opp ei rekkje stader der det bør gjennomførast trafikksikringstiltak. Dei aktuelle stadene er Bildøyna gard, Straume sentrum, Foldnes, Ågotnes, Våge og Morland.
Her kan du lesa meir om trafikksikringsplanen.
Andre saker på møtet
- Informasjon om framlegg til planprogram for bustadutvikling 2013-20: UKS er invitert til å koma med høyringsfråsegn, vera med i ei referansegruppe for planen og å arbeida med visse problemstillingar. UKS vedtok å takka ja til å vera med i referansegruppa.
- Tiltaksplan for UKS, arbeidsmøte
Tekst og foto: Vigleik Brekke