Google
Skriv ut print

Samhandlingsprosjekt og brannvernsamarbeid

Komande torsdag 26. mai skal kommunestyret ta endeleg stilling til om kommunen skal verta med i eit samarbeid om lindrande behandling (palliativ avdeling). Dette tilbodet er eit nytt samhandlingsprosjekt mellom Helse Bergen og dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Avdelinga er lokalisert på Kleppestø sykehjem på Askøy.



Komité for drift går samrøystes inn for at Fjell kommune vert med i prosjektet. Planlagt oppstart for prosjektet er våren 2012. Også Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrende behandling og Helse Vest er ein del av samarbeidet. Tilbodet rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose.Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år.

Rapporten om lindrande behandling kan du lesa her.

Vurderer brannvernsamarbeid

Kommunestyret skal også ta stilling til ei utgreiing om framtidig brannvernsamarbeid i Fjell, Sund og Bergen. Med fem mot fire røyster gjekk Fjell formannskap (16.05.) inn for å vidareføra organiseringa av brannvernet på Sotra slik det er i dag. Det vart også innstilt på at utgreiinga om nytt brannvernsamarbeid vert lagt ut til offentleg høyring i tre månader og at framlegget til branndokumentasjon vert godkjent.

Konsulent Magne Eikanger i Brannvern- og beredskapsrådgiver 1 føreslår i utgreiinga at kommunane Bergen, Fjell og Sund etablerer felles brannvesen. Han tilrår vidare at vertskommunemodellen vert valt som selskapsform. Tilrådinga om felles brannvesen vert grunngjeve fagleg. Økonomisk er det lite å spara på brannvernsamarbeid.

Her kan du lesa brannvernutgreiinga.

Andre saker i kommunestyret

Plan for utbetring veg på Bjorøyna
Planen gjeld utbetring av fylkesveg 207 på Bjorøyna. Det vert lagt til rette for opprusting av eksisterande veg frå krysset med den kommunale vegen til Bjorøyhamn i nord til brua i Tyssøyna i sør.

Nye vedtekter og retningslinjer for barnehagane
Kommunestyret skal godkjenna nye vedtekter for dei kommunale barnehagane og retningslinjer for barnehagesektoren. Vedtektene for dei kommunale barnehagane vart endra i 2005, og det nye framlegget er tilpassa nye sentrale føresegner, praksis, vedtekter i private barnehagar og vedtektene for SFO.

I framlegget til lokale retningslinjer for barnehagesektoren vert kommunale og ikkje-kommunale barnehagar sikra likeverdig økonomisk behandling. Retningslinjene omhandlar også foreldrebetaling for dei som har barn med spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og utviding/endring av barnehagetilbodet og samordna hovudopptak.

Tilskotssatsar til ikkje-kommunale barnehagar
I samarbeid med Askøy, Sund og Øygarden har Fjell utarbeidd ny modell for utbetaling av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar. Dette sikrar lik praksis kommunane imellom sjølv om kostnadsgrunnlaget og satsane kan vera ulike. Modellen vert lagt fram for kommunestyret for godkjenning.

Skjenkeløyve for Oksen selskapslokale
Etter at Kokken Arthur har overteke drifta av Oksen selskapslokale på øya Oksen ved Solsvik, er det søkt om nytt skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Komité for finans og forvaltning går in for å gje skjenkeløyve slik det er søkt om.

Ved starten av møtet vert det orientering om status for vatn og avlaup, Ungdommens kommunestyre, og Ungdom med MOT. Møtet tek til klokka 17.00 ( kultursalen i rådhuset).


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
23.05.2011
Sist oppdatert:
26.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom