Rundt 300 medarbeidarar i kommunale og private barnehagar i Fjell var i dag samla i kultursalen i rådhuset til seminar om barn som lever med vald i familien med tittelen "Da var jeg redd, veldig redd".
Føredragshaldar Øyvind Aschjem frå organisasjonen Alternativ til vold gjev ros til Fjell som set dette vanskelege temaet på dagsorden.
Øyvind Aschjem
Øyvind Aschjem
- Fjell sitt arbeid med dette er eit førebilete og til inspirasjon i barnehagane i heile Noreg. Eg kjenner ikkje til andre kommunar som er så direkte om dette temaet som Fjell, seier Øyvind Aschjem.
Aschjem seier at det viktigaste for han å få fram på seminaret er korleis vi kan oppdra, verna og redda barn som er utsett for vald i heimen. Han la også vekt på at vi skal byggja opp sjølvbiletet hjå barna.
- Kanskje vi skulle slutta dagen med å seia til kvart barnehagebarn: - Takk for at du har vore her i dag. Du er god nok som du er!
Viktig med tidleg hjelp
Øyvind Aschjem har også stor tru på effekten av å gje tidleg hjelp.
- Dersom eitt barn får hjelp med tidleg samtale mellom foreldra og dei tilsette i barnehagane, så er det verdt å bruka ressursar på dette, sa Aschjem.
Fjell kommune er med i Modellkommuneprosjektet i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Målsetjinga er å utvikla gode kommunale modellar for tidlege tiltak og systematisk oppfølging av barn av psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige foreldre.
Frå hausten 2011 og 2012 går 12 barnehagar i Fjell vidare med prosjektet "Frå bekymring til handling". Eit sentralt tiltak er startsamtalen. Alle føresette som kjem med nye barn til barnehagen, får tilbod om denne samtalen i løpet av dei første vekene. I startsamtalen stiller personalet spørsmål om mellom anna familien sitt indre liv, erfaringar med vald, rus og psykisk helse.
Kursansvarleg, Siv Anne Waage i Rettleiarteamet gjev toppkarakter til seminaret.
- Dette var ein klar seksar. Bodskapen frå Aschjem går rett inn i vårt prosjekt. Han gav oss tilbakemelding om at dette er eit viktig prosjekt, ikkje minst gjeld dette startsamtalen. Det er viktig for personalet i barnehagen å ha kjennskap til barnet sitt privatliv, seier Waage.
Tekst og foto: Vigleik Brekke