Google

Siste salve er sprengt i Vatlestraumen

Den 22. juni gjekk siste salva i Vatlestraumen. Kystverket opplyser at etter siste sprenging har det pågått opplasting og fjerning av sprengstein, reinsking og kontroll av djupna

Sjøkartverket har no godkjent djupna, og utvidinga av leia er ferdig. Riggane er fjerna frå området.

Byggjeleiar i Kystverket, Laila S. Melheim, er svært godt nøgd med framdrifta i prosjektet.

- Entreprenøren har utført oppgåva mykje raskare enn planlagt, og varsling og andre rutiner har fungert svært bra. Bebuarane i området har i periodar vore ein del plaga av støy frå den døgnkontinuerlege drifta. Fleire vi hare vore i kontakt med, er svært glade for at dette er over og at sommerferien no kan nytast utan dette bråket, seier Melheim.

Fyllinga på Kleppestø.
Fyllinga på Kleppestø

Ifølgje Kystverket er det ikkje registrert endringar eller auka innlekking i Bjorøytunnelen. Etter kvart skal Statens Vegvesen utføra ein del vedlikehold, og deretter skal duken hengjast på plass igjen i tunneltaket.

Totalt er over 65 000 kubikkmeter fjell utsprengt over eit undersjøisk område på 12 000 kvadratmeter. Utdypingsmassane er frakta til Kleppestø i Askøy kommune og brukt til utvinning av nytt landområde.


Publisert:
29.06.2012
Sist oppdatert:
29.06.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom