Google

Skiftar ungdomsdiakon på Basecamp

- Det er med tungt hjarta at eg tek permisjon frå stillinga på Basecamp. Men eg vil gjerne nytta det neste året til å finna ut kvar vegen går vidare for meg.

Vetle Karlsen Eide
Vetle Karlsen Eide

Det seier ungdomsdiakon på Basecamp på Sartor Storsenter, Vetle Karlsen Eide (40), som går ut i permisjon i eitt år frå januar 2012. Dermed er stillinga som ungdomsdiakon på Foreininga Basecamp ledig.

Basecamp vart organisert som eit prosjekt frå 2004, men har vore eit fast tiltak frå 2007. Vetle Karlsen Eide har leia dette arbeidet heilt sidan starten. Han har hatt med seg Camilla N.S. Jacobsen som frivillig. Basecamp er eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak som er retta mot risikoutsett ungdom på Sartor Storsenter. Soknerådet har arbeidsgjevaransvaret, men tiltaket er eit samarbeid mellom soknerådet, Sartor Storsenter og Fjell kommune. Visjonen for Basecamp er å hjelpa ungdom til å realisera sine draumar om eit godt liv.

Diakonalt entreprenørskap

- Det har vore gjevande å møta ungdom midt i kvardagen mellom dei tre K-ane (kyrkje, kjøpesenter og kommune). Vi har drive eit diakonalt enterprenørskap og lagt til rette for eit førebyggjande arbeid. Vi opplever oss som ein truverdig partnar, seier Karlsen Eide og syner til at Basecamp er trekt inn som samarbeidspartnar i fleire prosjekt.

Døme på prosjekt der Basecamp er involvert er Betre saman for barna (regionalt barnevernprosjekt), Felles Ansvar (regionalt kriminalitetsførebyggjande tiltak), SLT (Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggjande Tiltak) og meir generelt arbeidet med førebygging av kriminalitet. Mellom anna har dette arbeidet gjeve gode resultat for å hindra nasking på senteret.

- Styret for Basecamp har gjeve oss gode arbeidsvilkår og høve til å boltra oss i kreativitet. Det har gjeve oss godt rom for skapa noko nytt. Eg opplever også at samlokaliseringa med helsestasjon for ungdom har gjeve oss ein vinn-vinn-situasjon.

Vetle Karlsen Eide er frå januar 2012 tilsett som rådgjevar i diakoni og misjon i Bjørgvin bispedøme.

Her kan du lesa stillingsannonsa for ungdomsdiakon på Basecamp.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
02.11.2011
Sist oppdatert:
02.11.2011
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom