”Vi må ta mobbing på alvor og stoppa det tidleg.”
Det sa forskar på Senter for atferdsforskning i Stavanger Tove Flack, på ei skuleleiarsamling denne veka.
Direkte mobbing kan vera måte fysisk og verbal og er som regel lett å oppdaga. Den skjulte mobbinga (indirekte former) derimot, går føre seg på utspekulerte måtar som gjer ho svært vanskeleg å oppdaga. Det handlar gjerne om utestegning, blikk, baksnakk, rykte og meldingar på telefon og sosiale medium.
Tove Flack får takk frå skulesjef Ellen Margrethe Hansen
Tove Flack får takk frå skulesjef Ellen Margrethe Hansen
Manglande respekt må få konsekvensar
Rundt 80 skuleleiarar og andre tilsette i skulen i Fjell som arbeider med dette temaet var samla i kultursalen. Tove Flack synte til erfaringar med skjult mobbing, både der det lukkast og der ein mislukkast.
- Vi må halda fast på at alle skal behandlast med respekt. Vi må gje klar melding elevane om at det vil få konsekvensar dersom dei ikkje viser respekt.
Føredragshaldaren understreka at foreldre og lærarar må vera gode rollemodellar og byggja god relasjon til den einskilde elev. Det må leggjast vekt på fokus på samspel via observasjon. Det må byggjast opp struktur for god kultur ved å la mange verta kjent med mange. Det kan vera nødvendig at vaksne tek styring og kontroll i uteaktivitetar og ved behov endra elevsamansetninga endra etter tredje/fjerde klassetrinn.
Samtalen med offeret
I samtalen med offeret for mobbing, må det gå tydeleg fram at du som lærar veit at eleven vert mobba.
- La eleven fortelja utan å verta pressa. Fortel i grove trekk kva som skal gjerast og at rektor er informert. Avtal nytt møte, og kontakt dei føresette til eleven. Godt arbeid startar med dyktige hender. Vi treng klar hjerne hjelpt fram av eit kjærleg hjarta, sa Tove Flack.
Tekst og foto: Vigleik Brekke