Google
Skriv ut print

Skular og tomteområde vert lagt ut for sal

Komité for finans og forvaltning (KFF) vedtok i går at Fjell skule og Knappskog gamle skule kan leggjast ut for sal i den opne marknaden.

I tillegg vedtok komitéen at eit tomteområdet på Bildøyna og eit tomteområde på Strenghaugen kan leggjast ut for sal. Ved sala av dei to skuleeigedomane kan det takast atterhald om godkjenning for omdisponering av eigedomen til kjøpar sine føremål.

Oversiktsbilete Knappskog gamle skuleOversiktsbilete Knappskog gamle skule
Oversiktsbilete Knappskog gamle skule

Mindretalet (Ap og Sotralista) ville ikkje ta stilling til sal av eigedomane no, men bad om ei sak der eventuelt sal vert drøfta opp mot kommunale behov som bustader og barnehagar. I mindretalsframlegget heitte det også at for skulane på Fjell og Knappskog skulle rådmannen vurdera regulering av eigedomane.

Fordeling av investeringsmidlar

Komitéen godkjente samrøystes rådmannen sine forslag til fordeling av investeringsmidlar til rehabilitering av bygg og kommunale vegar og infrastruktur. For 2012 er det sett av ni millionar kroner til bygg og to millionar kroner til vegar.

Det er registrert 92 behov for utbetringar for bygga i kommunen grovt kalkulert til 20 millionar kroner. Det vert sett av midlar til 16 tiltak som har ein kostnad over 100 tusen kroner. I tillegg er det over driftsbudsjettet prioritert 17 tiltak med kostnad under 100 tusen kroner.

Til vegar i infrastruktur er det lista opp sju tiltak med dette året. Det er på investeringsbudsjettet sett av to millionar kroner kvart år i perioden 2013-2015 til slike prosjekt.

Endring av samansetjing av arbeidsgruppe

KFF omgjorde samansetjinga av arbeidsgruppa som skal utgreia ny skulestruktur i Fjell. I KFF og komité for drift i januar vart Cecilie Rathem (H) valt som fast medlem, medan Harald Ruud (KrF) vart varamedlem. På møtet i går vart dette omgjort slik at Ruud vert fast medlem og Rathem personleg varamedlem for Ruud i arbeidsgruppa.

Andre saker i komité for finans og forvaltning 7. februar

  • Vurdering og justering av delegasjonsreglementet
  • Sjukefråværet for 4. kvartal og året 2011 (8,9 prosent i 2011)
  • Budsjettprosess og økonomiske handlingsreglar
  • Revisjon av alkoholpolitiske retningslinjer
  • Reglementet for godtgjersle til folkevalde vart utsett
  • Sals- og skjenkekontrollar 2011
  • Drøftingssak om nøkkeltal som politisk styringsinformasjon


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert:
08.02.2012
Sist oppdatert:
08.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom