Fjell kommune gjennomfører samordna opptak for samtlege barnehagar i Fjell kommune.
Søknadsskjema finn de her. De kan og få det i den enkelte barnehage eller servicetorget i Fjell kommune. Vi oppfordrar til å bruke søknadsskjema på internett.
Dei som kjem inn under reglane for å kunne søkje om prioritert plass (viser til Lov om barnehagar), må sende inn dokumentasjon i papirform.
Dei som har barnehageplass eller står på søkjarlista, treng ikkje søkje på nytt.
Ynskjer de overføring frå ein barnehage til ein annan, må meldinga gjevast til den barnehagen de ynskjer plass i, innan søknadsfristen.
Lovfesta rett til barnehageplass, vert gjort gjeldande mot hovudopptaket.
Søknadsfrist: 1. mars 2012.
For nærare informasjon, kontakt styrar i barnehage eller servicetorget i Fjell kommune,
tlf. 55097005/eller 55097006.