Google
Skriv ut print

Stadfestar vedtak i Fjell om flytebryggje

Fylkesmannen har stadfesta eit vedtak i Fjell om at ei flytebryggje med motor var søknadspliktig. Fjell kommune gav pålegg om at flytebryggja måtte fjernast.

Eigedomen ligg i arealdelen til kommuneplanen i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Fylkesmannen skriv på heimesida at flytebryggja var lagt ut utan løyve frå kommunen, og kommunen la til grunn at tiltaket var søknadspliktig. Tiltakshavar var usamd og synte til at flytebryggja ikkje skulle liggja permanent på staden og at ho skulle brukast til å frakta stein. Flytebryggja var også registert i småbåtregisteret hjå Redningsselskapet.

Fylkesmannen konkluderte med at tiltaket kom inn under definisjonen ”transportable konstruksjoner og anlegg” etter plan- og bygningslova av 1985 § 85 og difor var søknadspliktig. Det var ikkje avgjerande at bryggja var registert i småbåtregisteret.


Publisert:
23.08.2011
Sist oppdatert:
23.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom