Google
Skriv ut print

Staten innskjerpar målbruken

Kulturdepartementet gjev Fjell kommune rett i at dei statlege organa ikkje har følgt opp mållova slik dei skal.

OrdlisterOrdlister

I eit brev til kommunen syner departementet til ei undersøking Fjell kommune gjorde vinteren 2010/2011 som viste at 81 prosent av skriva frå statlege organ til Fjell kommune er skrivne på bokmål. Lov om målbruk i offentleg teneste slår fast at alle statsorgan skal nytta den vedtekne målforma til kommunar og fylkeskommunar.

Som ein direkte konsekvens av brevet frå Fjell kommune, sende kulturministeren brev til alle regjeringskollegaene i februar med pålegg om innskjerping. I brevet bad ho om at alle statsrådane innskjerpar overfor embetsverket at departementa må vera nøye med å følgja reglane i lov og forskrift om målbruk i offentleg teneste. I undersøkinga i Fjell var alle skriv frå departementa skrivne på bokmål.

Vestnytt hadde oppslag om saka 28.10.


Publisert:
31.10.2011
Sist oppdatert:
02.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom