Google
Skriv ut print

Statsråd på heimebesøk

- Dette er ein modell som absolutt kan brukast andre stader. Det er imponerande at 60-70 prosent av dei fødande har nytta seg av dette tilbodet i Fjell.

Det sa helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho var på heimebesøk hjå mor Camilla Finnsås, far Ole Petter Berland og barnet Olander på Straumsfjellet i dag (11.april.) og fekk kjennskap til korleis JordmorHeim-tilbodet fungerer.

Ordførar og bestemor Eli Årdal Berland, Ole Petter Berland, Camilla Finsås, Olander og statsråd Anne-Grete Strøm-ErichsenOrdførar og bestemor Eli Årdal Berland, Ole Petter Berland, Camilla Finsås, Olander og statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen
Ordførar og bestemor Eli Årdal Berland, Ole Petter Berland, Camilla Finsås, Olander og statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen

Denne familien er blant mange som har nytta seg av JordmorHeim-tilbodet i Fjell sidan oppstarten i januar i år. Som første kommune etter at regjeringa fredag 8. april la fram Samhandlingsreforma, var Strøm-Erichsen i Fjell og fekk sjå korleis JordmorHeim-tilbodet vert utført i praksis. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen v/ Kvinneklinikken og Fjell kommune der det vert gjeve eit utvida tilbod til mor og barn i barseltida. Mor og barn som reiser tidleg heim etter fødselen, får barselomsorg av lokale jordmødrer.

- Ønsket er å gje eit variert tilbod. Nokre mødrer ønskjer å nytta seg av det vanlege tilbodet på Kvinneklinikken, medan andre ønskjer denne løysinga. Eg har eit svært godt inntrykk av dette tilbodet, sa Strøm-Erichsen til familien som denne dagen var omkransa av pressefolk i stova.

- Dette er eit positivt prosjekt, og vi opplever det som trygt, sa Camilla Finnsås. Med på heimebesøket var også ordførar Eli Årdal Berland som er bestemor til Olander.

Besøkte dialysesatellitten

Anne-Grete Strøm Erichsen fekk også tid til å verta kjent med Straume dialysesatellitt som har etablert seg i lokale i Straume bu- og servicesenter. Dette er eit halvannalinjetilbod om dialysebehandling for sterkt nyresjuke. Dette er den første "nære" dialysesatellitten i Noreg.

Torvald Skår og Anne-Grete Strøm-ErichsenTorvald Skår og Anne-Grete Strøm-Erichsen
Torvald Skår og Anne-Grete Strøm-Erichsen

- Med dette tilbodet slepp pasientane å reisa inn til sjukehuset og får like god behandling her. Det er fint å registrera at pasientane er godt nøgde med behandlinga, sa Strøm-Erichsen som også gav uttrykk for at ho var svært godt nøgd med besøket i Fjell.

- Det er svært positivt å få redusert transporttida, og pasientane er svært nøgde, sa fungerande seksjonsoverlege på nyreseksjonen på Haukeland universitetssjukehus, Rolf Christiansen.

Pasientane får behandling tre gonger i veka. Dette er ei pasientgruppe som treng trygge, gode og positive omgjevnader der det er ein fordel med kort reisetid til behandling. Eininga har fem plassar med drift tre dagar i veka. Inntaksområdet er Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dialysesatellitten skal etter planen lokaliserast i det nye lokalmedisinske senteret på Straume. Dette senteret er venteleg klar til bruk i 2014. Helse Bergen står for drifta, medan Fjell kommune er huseigar og står for utleige av lokale.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert:
11.04.2011
Sist oppdatert:
09.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom