Hordaland har den femte sterkaste folkeveksten i landet. Det syner fylkesstatistikken for folketal og demografi som Hordaland fylkeskommune har publisert.

Det er stor folkevekst i Hordaland
Veksten i 2011 var på 6 330 personar. Dette er ein svakare vekst enn i 2009 og 2010, men folkeveksten har likevel stabilisert seg på eit høgt nivå i fylket. Av dei 33 kommunane i fylket, er det berre i dei store tilflyttingskommunane rundt Bergen (Askøy, Fjell, Os og Meland) at innvandring ikkje er det viktigaste eller nest viktigaste grunnen til folkeveksten. Fjell kommune hadde ein folkevekst i fjor på 2,3 prosent, medan veksten i fylket var på 1,3 prosent.
Bergen er ein populær by for innvandrarane, men den største innanlandske nettotilflyttinga kom til Askøy, Os, Fjell og Meland.
Ung befolkning i vest
I Fjell, Askøy, Meland og Vest, er heile 57 % av befolkninga under 40 år, og 30 % av befolkninga er under 20 (31 % i Fjell). For heile Hordaland er 54 % av befolkninga under 40 år, og 26 % under 20. Dette har ikkje endra seg siste året.
Fram til 2040 er det venta størst folkevekst i Meland (+ 81 prosent), Askøy (+ 63 prosent) og Os (+ 62 prosent). Det er venta at folketalet i Fjell vil auka med 47,7 prosent til om lag 33 500 innbyggjarar i 2040. Prognosane for Bergen er justert noko ned i forhold til den prognosen som var presentert for eitt år sidan.
Her kan du lesa heile fylkesstatistikken for folketal og demografi.
Tekst: Vigleik Brekke