Google
Skriv ut print

Store saker i kommunestyret 16. juni

Kommunestyret skal torsdag 16. juni ha sitt siste møte før sommarferien. Mange store saker skal opp til behandling, og møtet startar allereie klokka 09.00.

Møtet i neste veke er prega av dei store sakene som vart behandla i formannskapet 6. juni og komitémøta 7. juni. Kommunestyret skal mellom anna gjera endeleg vedtak om ny fleirbrukshall, økonomirapport, sal av klubbhus og tomteareal i Straume Idrettspark og fleire reguleringsplansaker.

Innbyggjarinitiativ

Ei ny sak til kommunestyret, som så langt ikkje er handsama politisk, er innbyggjarinitiativet "Bevar Straume". Etter lova skal kommunen ta stilling til eit godkjent initiativ seinast seks månader etter at det er fremja. Saka vert lagt fram utan innstilling.

Initiativtakarane bak "Bevar Straume" ønskjer å etablera eit formalisert samarbeid på ein forpliktande måte. Dei meiner at dette kan gjerast ved å vedta ei kommunal forskrift til plan- og bygningslova. Formålet er å leggja til rette for aktiv medverknad frå bebuarar og innbyggjarar i planprosessar og at dette kan dempa konfliktar i plan- og byggjesaker.

Kommunestyremøtet vert halde i kultursalen frå klokka 09.00. Halvtimen før, klokka 08.30 held formannskapet møte der det vert gjeve innstilling i saka om årsmelding og rekneskap.

Her kan du lesa innkalling og saksdokument til møtet.


Publisert:
09.06.2011
Sist oppdatert:
09.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom