Det var stinn brakke i gymnastikksalen då Krea Prix 2011 gjekk av stabelen på Ulveset skule i dag (26.05.) Alle dei 230 elevane var i aksjon då det vart framført mange flotte innslag på scena.Elevar frå sjuande klasse stod for opningsnummeretSang, musikk og dans var sentralt på Krea Prix. Likevel var det stor breidde og mangfald i det som var framført. Det er ikkje tvil om at det er mange talent på Ulveset skule. Fleire som i dag står på kjente scener andre stader, hadde sitt første store opptrinn nettopp på Kreaprix på Ulveset skule. Peter Ingebrigtsen (7. kl.)På denne måten får elevane syna kva kvalitetar dei har og synleggjort dei praktisk-/estetiske faga på skulen. Katarina og Livija (5. kl.)
Då Ulveset var ein kombinert barne- og ungdomsskule, var det 10. klasse som hadde ansvar for dette arrangementet. No er det sjuande klasse som har teke over hovudansvaret. Jonny Pettersen, som underviser i første klasse, seier at Krea Prix er todelt. - I dag vart den utøvande delen gjennomført. I tillegg har vi kunstdelen der elevane leverer inn arbeid. Vi rundar av denne dagen med premieutdeling til første til fjerdeklasse og femte til sjuande klasse. I tillegg vert det delt ut sjarmørpris, seier Pettersen.Breackdance (1. kl.)"Opp og ned"-dansen (4. kl.)Tekst og foto: Vigleik Brekke