Google
Skriv ut print

Stramt for Fjell

Rådmann Steinar Nesse seier at det vert fleire titals millionar kroner i innstramming dersom 2012-budsjettet for Fjell kommune skal setjast opp i balanse. Han seier dette etter at regjeringa i dag la fram statsbudsjettet for 2012.

- Fjell drar også med seg eit budsjettert underskot på omlag 20 mill frå inneverande år. Situasjonen, både med tanke på budsjettprosessen i haust og verknadene neste år, er såleis utfordrande. Men dette har kommunen opplevd mange gonger før. Totalbudsjettet vårt er tross alt på over 1,2 milliardar kroner, seier Steinar Nesse.

Rådmann Steinar NesseRådmann Steinar Nesse
Rådmann Steinar Nesse

Fjell får ein vekst i frie inntekter (rammetilskot og skatt) på 3,6 %. Dette utgjer 32,5 mill. Veksten skal dekkja:

  • Lønsoverheng frå i år
  • Nytt hovudoppgjer neste år
  • Heilårsverknad av oppstarta tiltak i år, særleg som følgje av investeringar (renter og avdrag)
  • Reduksjon i satsen for føring av momskompensasjon i driftsrekneskapen (frå 60 % til 40 %)
  • Auke i pensjonskostnadene, som følgje av nye reglar og dårlegare avkastning i selskapa
  • Auke i utgiftene som følgje av befolkningsauken, omlag 400 personar, og endringar i strukturen
  • Auke i nettoutgiftene for barnehagesektoren som følgje av foreldrebetalingsfrys
  • Auke i utgiftene til skulen som følgje av innføring av 2 skuletimar valfag
  • Reduksjon i ordninga for ressurskrevjande tenester

Regjeringa legg til grunn at lønsveksten åleine vil utgjera omlag 4 %. KS meiner at veksten i frie inntekter berre vil dekka meirutgiftene knytt til befolkningsauken og pensjonskostnadene. Ifølgje rådmannen kjem Fjell kommune særskilt dårleg ut denne gongen, av di det skjer endringar i vektene i inntektssystemet. Sund får til dømes ein vekst på 6,9 % og Os på 7, %. Veksten i Bergen er rekna til 3,9 %, medan snittet i Hordaland er 4,1 % og i Landet 4,3 %.

21 mill til samhandling

I tillegg til ordinær vekst i frie inntekter, er det lagt inn midlar til Samhandlingsreforma på 21 mill. Desse inntektene vil gå med til å dekka tilsvarande utgifter på sjukehusa ved innlegging av pasientar frå Fjell. Ettersom Fjell og dei andre kommunane i regionen har utvikla mange gode alternative tiltak allereie, kan vi truleg rekna med ei viss innsparing her.

Rådmannen opplyser at han snarast vil leggja fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan. Dokumenta skal handsamast politisk i komitéane, formannskapet og kommunestyret i november og desember. I denne perioden skal det også gjennomførast ei offentleg høyring.


Publisert:
06.10.2011
Sist oppdatert:
06.10.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom