Budsjettet for kommunesektoren er særs stramt og er i sterk grad påverka av at innmaten i sjølve inntektssystemet vert radikalt endra. Mellom anna er heile finansieringa av barnehagesektoren no lagt inn i dei frie inntektene (rammetilskot og skatteinntekter), medan ein til no har kombinert finansieringa mellom frie inntekter og øyremerka tilskot. Skatten sin del av samla inntekter vert ytterlegare redusert, frå 45% til 40% i 2011. Fjell kommune vil tena på nokre endringar, og tapa på andre. Samla sett vert netto-tapet 5,2 mill.
Rådmann Steinar Nesse
Rådmann Steinar Nesse
Ikkje realvekst for Fjell
Rådmann Steinar Nesse opplyser at det er rekna med ein nominell vekst i kommunesektoren sine frie inntekter frå 2010 til 2011 på 3,7%. Lønsveksten er rekna til 3,25%, og samla pris- og lønsvekst er sett til 2,8%. Fjell kommune (som tapar på systemomlegginga) får ein vekst på 3,2%, altså litt mindre enn pårekna lønsvekst. I kroner utgjer veksten omlag 30 mill.
- Fjell vil såleis for første gong på mange år ikkje få nokon realvekst. Det vert heller ikkje kompensert for folketalsvekst på 350-400 personar, heilårsverknader av prosjekt som er sett i gang, faktisk auke i kapitalutgifter eller utgifter til nye tiltak, seier Steinar Nesse.
Maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar er vidareført på nivået slik det er i dag, dvs. kr. 2.330 pr månad. Elles har ein nytta pris-indikator på dei fleste andre satsar og tilskot.
Styrking av barnevernet
Regjeringa har avsett 232 mill til styrking av det kommunale barnevernet. Kommunane skal innan nyttår søkja fylkesmannen om slikt tilskot. Midlane kan gå til nye stillingar eller til andre tiltak, etter ei nærare vurdering av situasjonen i den einskilde kommune. Hordaland sin del er rekna til 22 mill, og Fjell vil såleis kunna få omlag 1,5 mill.
Det er elles avsett i alt 200 mill. til samhandlingsreforma. Av dette går 50 mill. til helse-IKT og 100 mill til lokalmedisinske sentra der lokale samarbeidstiltak vert prioriterte. Fjell (+ Askøy, Sund, Øygarden og Helse Bergen) er komne veldig godt i gang og må her setja seg høge mål, gjerne tre - fem millionar kroner!
Stramt 2011-budsjett for Fjell
Fjell kommune sitt vedteke budsjett for 2010 er balansert med bruk av fond på 18 mill. Økonomiske oversikter etter dei førte åtte månadene i år viser at dette kan vera eit realistisk mål dersom aktiviteten resten av året går etter planen. Samstundes inneber statsbudsjettet for 2011 at noverande aktivitetsnivå ikkje kan vidareførast neste år utan gjennom utstrakt bruk av fond.
- Eg kan alt no varsla at kommunebudsjettet for 2011 vert særs stramt og bør innehalda visse innstrammingar og omprioriteringar. Det vert såleis ein krevjande jobb, både politisk og administrativt, å få budsjettet i hamn, seier Steinar Nesse.
Rådmannen legg fram sitt budsjett-forslag i byrjinga av november, og kommunestyret gjer vedtak i midten av desember.