Google
Skriv ut print

Straume sjøfront klar for godkjenning

Komité for plan og utvikling (KPU) skal på møtet tysdag 7. juni ta stilling til fleire reguleringsplansaker. Fire av dei går til sluttbehandling.

Straume sjøfront

Planen omfattar eit område på 68 dekar og legg til rette for 200 bustadeiningar, næringsareal, fellesareal, parkering, offentleg strandpromenade og småbåthamner. Eitt hovudmål med planen er å opna Straume sentrum mot sjøen gjennom nytt gangsamband.

Illustrasjonsplan av Straume sjøfrontIllustrasjonsplan av Straume sjøfront
Illustrasjonsplan av Straume sjøfront

Det kom inn 14 merknader då planen låg ute til offentleg ettersyn, og Fylkesmannen og Statens vegvesen kom med motsegn. Etter drøftingar mellom partane og Fjell kommune vart motsegnene trekt tilbake. Rådmannen meiner at det reviderte planframlegget på ein god måte oppfyller hovudmålet om å knyta Straume til sjøen.

- Samstundes vert det etablert ein attraktiv offentleg sjøpromenade for ålmenta, og Straume får ein representativ sjøfasade, skriv rådmannen. Saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Kleivane kyrkjegard

Det er eit stort behov for å utvida kapasiteten på Kleivane kyrkjegard, og det ligg no føre reguleringsplan til endeleg godkjenning. Planen legg til rette for to nye gravfelt, driftsbygning og infrastruktur. Utvidinga vil gje plass til 500 kistegraver og 350 urnegraver. Det vert også betre parkeringsdekning og tilkomst til tur- og leikeareal. Det er kome inn fem merknader til planen. Planen går til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Utbetring av veg Møvika - Åse

Reguleringsplan for utbetring av kommunal veg mellom Møvika og Åse er klar til sluttbehandling. Planen legg til rette for opprusting av eksisterande veg frå kysset ved riksveg 559 i Møvika og fram til snuplassen på Åse. Det er lagt opp til ein vegbreidde på 5,75 meter med ein breidde på 2,5 meter for kjørefeltet. I tilegg kjem fortau. Det er kome inn fleire merknader, og det er gjort endringar i planen og føresegnene. Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.

Utbetring av veg Grunnavågen - Foldnes

Plan for utbetring av fylkesveg 209 Grunnavågen - Foldnes ligg også klar for endeleg godkjenning. Ei klage på planen vart i oktober i fjor teken til følgje. Planen er no revidert der dei endringane kommunestyret gjorde vedtak om er innarbeidd. Saka går til kommunestyret.

Golfhotell, Kolltveit

Rådmannen går inn for at planframlegg til reguleringsplan for golfhotell på Kolltveit vert lagt ut til offentleg ettersyn. Det er utarbeidd to framlegg til planen, og formålet med planane er å etablera hotell/næring med infrastruktur og seinare mogleg utviding av golfbanen til 18 hol. Hotellet er planlagt med 20 husvære og 30 hotellrom og inneheld restaurant, klubbhus, møtelokale, golfbutikk og golfsimulator.

Bustader Straume sør

Det er utarbeidd framlegg til reguleringsplan for 99 bustadeiningar på Straume sør. Planområdet på 51 dekar ligg i enden av Lonavegen, nord for Bukketåvika. Rådmannen føreslår at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Klagesaker

Det ligg føre åtte klagesaker til møtet i KPU 7. juni.


Her kan du lesa innkalling og saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
06.06.2011
Sist oppdatert:
06.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom