Google
Skriv ut print

Straume terapisenter fekk Tilgjengeprisen 2010

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne delte på torsdag 1. september ut Tilgjengeprisen 2010 til Straume terapisenter.

Det var medlem i rådet, Mari Mikkelborg, som delte ut prisen i samband med kommunestyremøtet. Leiar av ergo/- fysioterapitenesta, Liv Møen, tok imot prisen på vegner av terapisenteret.

Elin Raunhold Sæle og Liv Møen tok imot prisen på vegner av Straume terapisenter. Til høgre: Mari MikkelborgElin Raunhold Sæle og Liv Møen tok imot prisen på vegner av Straume terapisenter. Til høgre: Mari Mikkelborg
Elin Raunholm Sæle og Liv Møen representerte Straume terapisenter då prisen vart delt ut i går. Til høgre: Mari Mikkelborg.

Mari Mikkelborg takka for at brukarane fekk vera med på planlegginga av Straume terapisenter frå første dag.

- Eg representerer ein av brukarorganisasjonane i rådet, og det er ei stor æra å dela ut prisen. Dette er første gong i historia at det er delt ut ein slik pris i Fjell kommune. Straume terapisenter er eit kjempebygg, og det er kjempegode tilbakemeldingar på terapibassenget, sa Mikkelborg.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
02.09.2011
Sist oppdatert:
02.09.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom