Vaksenopplæringa i Hordaland
Gratis undervisning på vidaregåande nivå for vaksne - kursstart januar 2012
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget undervisning måndag + annankvar torsdag frå 16. januar kl. 17.00 - 20.00 på Lønborg videregående skole, tlf. 55 25 49 00
- Helsearbeiderfaget undervisning tysdagar frå 10. januar, dagtid - på Lønborg videregående skole, tlf. 55 25 49 00
- Malarfaget undervisning tysdagar kl. 08.00 - 15.30 på Årstad videregående skole, tlf. 55 59 50 00
- Tannhelsesekretær praktisk/teoretisk undervisning torsdagar, dagtid, frå medio januar 2012 på Åsane videregående skole, tlf. 55 95 69 00
Sjå www.hordaland.no/vo for meir informasjon.
Vaksne kan frå det året dei fyller 25 år ha rett til gratis vidaregåande utdanning dersom dei ikkje har fullført dette tidlegare (vaksenrett, Opplæringslova §4A - 3.). Den som ikkje oppfyller desse vilkåra kan få tilbod dersom det er plass. Det er ei føremon at ein har praksis frå faget før ein tek til med teoriundervisninga.
Dette betyr m.a. at den som arbeider innanfor eit yrke ein ønskjer fagbrev i, kan få gratis teoriundervisning i faget. Etter kurset og med bestått eksamen kan ein gå opp til fagprøven dersom ein har nok praksis i faget.
For meir informasjon om kurs, vaksenrett og vidaregåande utdanning for vaksne, sjå www.hordaland.no/vo