Google
Skriv ut print

Tek stilling til utdjuping av Vatlestraumen

Torsdag 23. februar skal Fjell kommunestyre ta endeleg stilling til Kystverket sin søknad om å utdjupa Vatlestraumen. Den planlagte utbetringa skal auka tryggleiken for skipsfarten i Vatlestraumen. Topografien og straumforholda i området er utfordrande, og navigatørar må gjera fleire store kursendringar innanfor eit kort tidsrom i det tronge farvatnet.

Fleirtalet i komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på møtet 7. februar inn for at det vert lagt fram nye uavhengige geolograpportar for Kystverket si planlagte utdjuping i Vatlestraumen. Fleirtalet ville også at det skal leggjast fram ein rapport om klargjer dei økonomiske konsekvensane av ei eventuell langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Mindretalet gjekk inn for å godkjenna tiltaket slik det går fram av søknaden frå Kystverket.

Grunnflaket skal sprengjast ned frå ni til 14 meter. Bjorøytunnelen ligg i området, og den næraste sprenginga skjer om lag 65 meter frå tunnelen. Fjell kommune har i fleire møte med Kystverket reist spørsmålet om det økonomiske ansvaret dersom Bjorøytunnelen vert langvarig stengt som følgje av sprengingsarbeidet. Alle beredskapsaktørane er i fellesskriv informerte om at Kystverket tek på seg kostnadene ved ei eventuell langvarig tunnelstenging.

Utdjupinga av Vatlestraumen vil etter planen starta opp i vår etter at kommunestyret har gjort endeleg vedtak. Arbeidet er venta å ta om lag fire månader, og sprenging skal skje mellom klokka 10.00 og 14.00 måndag til fredag. Tunnelen vert stengt i inntil eín time ved kvar sprenging.

Kystverket har utarbeidd ein eigen informasjonsstrategi som sikrar gode rutinar for varsling og informasjon under anleggsperioden. Fjell kommune har utarbeidd ein beredskapsplan for eventuell langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Etter avtale med Sund kommune omhandlar planen både Bjorøyna (Fjell kommune) og Tyssøyna (Sund kommune).

Sambruksfelt for strekninga Straume- Knarrvika

Det ligg føre reguleringsplan for sambruksfelt på riksveg 555 mellom Straume og Knarrvika. Formannskapet meiner at ekstra innfartsparkering på "McDonalds"-tomta kan aksepterast, men berre fram til parkering under Sartor Storsenter er etablert. Mindretalet støtta innstillinga om å ta innfartsparkering og rundkjøring ut av planen. Planen omfattar ei strekning på 1,8 kilometer og legg til rette for å utvida riksveg 555 frå to til fire felt der to av felta er reservert for kollektivtrafikk. No er planen klar for endeleg behandling i kommunestyret

Andre saker i kommunestyret 23. februar

  • Oreigning til gjennomføring av reguleringsplan, Haganes
  • Reguleringsplan for Spjeld
  • Endeleg vedtak om planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020
  • Turveg Foldnes-Hjelteryggen
  • Administrativ organisering
  • Vurdering og justering av delegasjonsreglementet
  • Framlegg til nedlegging av utval for vilt og landbruk
  • Årsrapport 2011 for kemneren Fjell, Sund og Øygarden
  • Endring av aksjonæravtale for styresamansetjing i Business Region Bergen
  • Val av medlemer til gebyrutval
  • Val av representant til hamnerådet og framlegg til kandidat til hamnestyret

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
21.02.2012
Sist oppdatert:
20.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom