Haust og vinter er mange plaga av forkjøling og hoste. Spesielt i år er og noen smitta av spesielle mikrobar som ”smittsam lungebetennelse” (mycoplasma-infeksjon) og kikhoste.
Smittevernlege Bjørn Ove Aglen
Smittevernlege Bjørn Ove Aglen
Mycoplasma er ein mikrobe som er ein mellomting mellom bakterie og virus, vi har epidemiar med denne med 4-6 års mellomrom. Barn mellom 3 og 15 år er mest utsett for å få dette. Mycoplasma fører ikkje til lungebetennelse hos alle som vert smitta, dei fleste opplever det som ei forkjøling eller ”influensa”. Ein treng ikkje antibiotika om ikkje infeksjonen er alvorleg. Det hender at legen gir antibiotika for å stoppe smittespreiinga i familien.
Kikhosten farlegare
Fleire som har tatt prøvar for å finne ut om dei har mycoplasmainfekjson, viser seg å ha kikhoste, både vaksne og barn. For dei minste barna er kikhoste mykje farlegare. Det førekjem framleis dødsfall av kikhoste, få i Noreg, men kanskje 200 000 ellers i verda kvart år. Om du vil sjå og høyre korleis det er å ha kikhoste, kan du på YouTube søkje på ordet "pertussis".
Barn under 2 år som ikkje er fullvaksinerte mot kikhoste, bør få antibiotika om dei er i kontakt med, eller har vore i kontakt med noen med kikhoste, og samtidig må dei fullføre vaksineringa. Vaksinering kan starte før 3 månaders alder om naudsynt.
Eit problem er at kikhostevaksinen ikkje gjev fullgod immunitet opp i vaksen alder, og dessutan er mange av dei som var småbarn før 1997 ikkje vaksinerte mot kikhoste i det heile. Bakgrunnen for dette er at kikhostevaksinen vi hadde før 1997 hadde ein del biverknader, og mange av foreldra valde å ikkje gje barnet denne vaksinen. Noen av desse uvaksinerte er no blitt foreldre til babyane i dag. Og hos andre foreldre som vart vaksinerte som småbarn, er likevel effekten gått ut no. På den måten er det lett at foreldra i dag ”tar med heim” kikhoste.
Alle som har småbarn, eller er mykje i kontakt med småbarn, vil eg difor rå til å bli vaksinerte mot kikhoste, og dei som er vaksinerte, vil eg rå til å få satt ein en booster-dose (påfyllingsdose). Sidan 2005 har 7-åringane fått slik boosterdose, men for andre er det bare tilfeldig at dei kan ha fått påfylling av kikhostevaksine i samband med reisevaksinar og liknande. Effekten av boosterdosen regner vi med held i 10 år.
Påfylling av kikhostevaksine for vaksne kan ein i Fjell kommune få hos fastlegen etter avtale, eller hos Helsetjenester Vest Reisevaksiner på Straume. Vaksineringa må ein betale sjølv. Vi bruker ein vaksine som og inneheld vaksine mot stivkrampe, difteri, og eventuelt også polio.
Bjørn Ove Aglen
smittevernlege i Fjell