Rundt 75 personar frå ulike lag og organisasjonar i Fjell møtte opp i Liaskjærshallen onsdag kveld for å få informasjon om Tilskuddsportalen.no. Tidlegare på dagen fekk rundt 35 tilsette i Fjell kommune informasjon om portalen.
Nicolaas Kippenbroeck
Nicolaas Kippenbroeck
- Det vert delt ut om lag 13 milliardar kroner til lag og organisasjonar frå om lag 550 tilskotsordningar i året. Det er berre å setja i gang, seier innhaldssjef i selskapet Scan4news.
Dette selskapet har utvikla ein portal som gjev oppdatering av ei rekkje tilskotsordningar. Fjell kommune er no er ein av dei kommunane som gjev lag og organisasjonar i kommunen tilgang til tilskotsportalen. Ved å klikka på «Tilgang til Tilskuddsportalen" kjem du til registreringsskjema. Det som trengs er e-postadresse og organisasjonsnummer på laget/organisasjonen. Etter å ha sendt inn desse opplysingane får du tilsendt ei lenkje som er gyldig i fem dagar om gongen.
75 personar møtte fram i Liaskjærshallen i går kveld
75 personar møtte opp i Liaskjærshallen i går kveld
Inne i portalen vert det gjeve fullstendig nasjonal oversikt over tilskotsordningar etter tema. Det er vidare høve til å foreta fritekstsøk etter tilskotsordningar, lesa nyheiter om tilskot og følgja med på komande søknadsfristar i kalenderen.
Kippenbroeck ga mange gode råd til dei som hadde møtt fram i går kveld.
- Les statuttane for tilskot, og ta gjerne kontakt med den aktøren som gjev tilskot. Unngå å søkja på andre formål enn det er som behovet til ditt lag eller din organisasjon. Hugs også at det stort sett berre vert gjeve støtte til framtidige prosjekt! sa Nicolaas Kippenbroeck. Han oppmoda også dei frammøtte til å laga truverdige budsjett og gjerne samarbeida med andre aktørar.
Fleire samlingar
Kultursjef Lennart Fjell opplyste at det vert lagt opp til liknande samlingar eín eller to gonger i året.
- På desse samlingane kan vi utveksla erfaring med bruken av portalen og gje informasjon til nye lag og organisasjonar. Kommunen kan også gje hjelp i form av kvalitetssikring av søknadene, sa Lennart Fjell.
Tekst og foto: Vigleik Brekke