Google
Skriv ut print

Treng innspel om nye planar

I desse dagar vert både kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018 og planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/2020 lagt ut til offentleg ettersyn. Komité for drift gjorde vedtak om dette i sist veke.

Hanna Gjesdal og Marit Selberg SigurdsonHanna Gjesdal og Marit Selberg Sigurdson
Hanna Gjesdal og Marit Selberg Sigurdson

- Hugs at alle som vil, kan gje uttale til planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. Når det gjeld planen for idrett og fysisk aktivitet har vi hatt ein open og spennande prosess. Mange har kome med gode innspel til planen, seier samfunnsplanleggjar Hanna Gjesdal.

Denne planen ligg ute til offentleg ettersyn i tre månader fram til 11. september. Det er dermed det nye kommunestyret som gjer endeleg vedtek etter innstilling frå komité for drift. Kommunestyret gjer truleg sitt endelege vedtak rundt nyttår.

- Ein ny plan skal spegla situasjonen i dag og ønsket for framtida. Eit av dei viktigaste formåla med planen er å få eit grunnlag for å søkja om midlar til friluftsføremål og idrettsanlegg, seier Hanna Gjesdal.

Breidde

Etter folkemøtet i april har samfunnsplan fått fleire innspel til planen. Mellom anna er det skrive eit nytt avsnitt om eliteidrett.

- Nokre har understreka kor viktig der er at det vert lagt opp til breidde og variasjon og at andre idrettar enn ballidrett får god merksemd. Vi har merka oss at fleire ungdomar er opptekne av å utvikla gode rammer for skating i Fjell. Ein gut på ni år har skrive brev til ordføraren og bad om skaterampe, seier Hanna Gjesdal.

Gjesdal seier at i arbeidet med denne planen har ein klart å engasjera både idrett og friluftsliv.

- Tilbakemeldingane er at friluftsinteressene opplever seg godt ivaretekne, seier Gjesdal.

Nye føringar

Namnet på planen vert endra frå idrett og friluftsliv til idrett og fysisk aktivitet. Planen vil difor femna om folkehelsearbeidet og ikkje berre handla om organisert idrett. I forhold til før skal omsynet tiluniversell omforming styrkast.

Planen skal vidare leggja fram ein modell som klargjer oppgåvene og ansvarsfordelinga mellom kommunen og lag og organisasjonar.

Det er allereie vedteke at det skal byggjast ny fleirbrukshall på Straume. Dette bind opp store ressursar dei første åra i planperioden.

- Ettersom planen gjeld fram til 2018, kan ein likevel leggja inn behov for andre nye anlegg, vedlikehald, rehabilitering og tilbygg i planen, seier Hanna Gjesdal.

Planprogram for trafikksikringsplan

Komité for drift har også vedteke at planprogram for kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/20 vert lagt ut til offentleg ettersyn i tre månader fram til tredje september.

- I løpet av perioden 2004 til 2008 var det 160 trafikkulukker med personskade i Fjell. Dette syner at trafikksikring er eit svært viktig satsingsfelt, seier samfunnsplanleggjar Marit Selberg Sigurdson.

Etter forvaltningsreforma vart gjeldande frå januar 2010, har fylkeskommunen fått ansvar for 85 prosent av riksvegnettet. Dette fører til at kommunane sitt ansvar for trafikksikring er vorte meir omfattande enn før.

- Den førre trafikksikringsplanen gjaldt for perioden 2006-2009. Den nye planen må ta høgde for dei nye utfordringane som er knytt til nytt sotrasamband, utbygging på Straume og andre stader i kommunen. Desse store prosjekta har stor innverknad på trafikkbiletet i Fjell, seier Marit Selberg Sigurdson.

Begge planane ligg til gjennomsyn på servicetorget (rådhuset) og biblioteket (Sartor Storsenter). Du kan også lesa planen på heimesida til kommunen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
15.06.2011
Sist oppdatert:
15.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom