Google

Treng mange nye fosterheimar

I dag bur det om lag 600 barn og unge i fosterheim i Hordaland, og det er eit stort behov for nye fosterheimar for å dekkja eit aukande behov. Ein av grunnane til at behovet har auka, er statlege føringar om at barn skal veksa opp i fosterheim framfor institusjon.

- Samanlikna med andre kommunar, er det mange fosterheimar i Fjell. Men det er likevel behov for endå fleire fosterheimar, besøksheimar og andre tiltakspersonar som til dømes tilsynsførarar. I Hordaland snakkar vi gjerne om eit behov for 150 nye fosterheimar i 2012. Mange barn og unge har behov for ekstra omsorg og støtte, seier barnevernkurator i Fjell, Sandra Scharffscher.

 Sandra Scharffscher
Sandra Scharffscher

I neste veke vert det invitert til ope informasjonsmøte om fosterheimsarbeid og andre oppdrag i barnevernet.
Møtet vert halde i Fjell rådhus onsdag 18. april klokka 18.00 til 20.30. Også interesserte frå nabokommunane Sund og Øygarden er velkomne til informasjonsmøtet.

Samarbeid mellom Bufetat og barnevernet

Det er Barne,- familie- og ungdomsetaten (Bufetat) og barneverntenesta i Fjell kommune som inviterer til møte der det vert gjeve informasjon om dei ulike oppgåvene. Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring, medan kommunen følgjer opp dei konkrete tiltaka.

- Dette er eit møte der du som vaksen og interessert i å gjera ein innsats for barnevernet, kan få utforpliktande informasjon om dei ulike oppdraga i barnevernet. På eit slikt møte vil dei som vurderer å gjera ein innsats for barnevernet, finna ut om dette kan vera aktuelt. Det er også høve til å "hoppa av" seinare i prosessen, seier Sandra Scharffscher.

Kva forventningar vert til stilt til ein fosterheim?

- Det er vanskeleg å svara på konkret på det, men litt generelt kan vi seia at vi treng vanlege og stabile familiar som ønskjer å hjelpa barn og unge som er i ein utfordrande situasjon. I denne omgangen er vi interessert i å få kontakt med personar som ønskjer å få meir kunnskap om dette, seier Scharffscher.

Opplæring

Det vert gjeve god opplæring og rettleiing. Fosterheimane og besøksheimane får arbeidsgodtgjering og utgiftsdekning etter gjeldande satsar. Det første året er det aktuelt med frikjøp frå jobb (gjeld fosterheimar).

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hjå foreldra sine.

Ein besøksheim er eit frivillig tiltak via barneverntenesta i kommunen. Ein besøksheim tek imot eitt eller to barn i heimen sin, og er ein ekstra ressurs for dei den tida barna treng tiltaket. Det mest vanlege er ei helg i månaden.

Alle fosterbarn som bur i fosterheim skal ha ein tilsynsførar. Ein tilsynsførar skal føra kontroll med at fosterbarnet får tilfredsstillande omsorg i fosterheimen. (Kjelde: fosterhjem.no (Bufetat)).

Bufetat si heimeside kan du lesa meir om fosterheim, besøksheim og tilsynsførar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
11.04.2012
Sist oppdatert:
16.04.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom