I går var heile troppen til Nest-Sotra United på plass i varmen på Rhodos.
Dette laget representerer Noreg under Special Olympics i Aten. Det er samla inn over 700 tusen kroner til prosjektet, og alle dei 24 spelarane på laget med følgje får vera med på turen som varer fram til 4. juli. Dei første fem dagane er både spelargruppa og supportargruppa samla på Rhodos til trening og fellesskap. På måndag er stor fest der mellom anna ordførar Eli Årdal Berland vert med.
På plass på Rhodos
På plass på Rhodos
Her er lagleiar Tove Iren Vindenes sin rapport frå dei to første dagane:
Måndag 20 juni
Etter eit langt døger på reise er vi endeleg komne fram til Rhodos. Turen starta sundag 19 juni kl 04.15 på Flesland, og etter ei mellomlanding i København og ein tur innom velkomstsenteret i Aten, steig vi ombord i Blue Star II som tok oss til Rhodos.
I dag tidleg la vi til kai på Rodos, og etter at vi kom til hotellet, har vi vore på stranda, i bassenget eller slappa av. I kveld besøkte vi tilskodargruppa på deira hotell. Det blei eit gledeleg gjensyn. No gler vi oss til fest på onsdag. Då er Roger 40 år.
I morgon er første dag med trening.
Tysdag 21 juni
Då er første trening unnagjort i den Greske sommarvarmen. Dette var ei svært god treningsøkt med høg innsats, noko dei 28 tomme vassflaskene etter trening viste. Laget takla varmen overraskande bra, trass i heten.
Første treningsøkt
Førstre treningsøkt
Etter noen timar med restitusjon på hotellet, blei vi invitert inn i ein bankettsal, der den norske ambassadøren i Hellas tok imot den norske delegasjonen. Her blei vi servert fingarmat og drikke og fotografert saman med ambassadøren.
Om kvelden drog heile gruppa inn til Norskebaren i Rhodos by, der det blei storstilt bursdagsfeiring for Roger som fyller 40 år 22. juni. Heile 72 menneske frå Sotra var samla til fest, utover, tilskodarar, familiemedlemer og leiar i klubben, Espen med familie. Det blei ein hyggelig kveld der alle koste seg, trass i eit mindre straumbrot.
Møte med ambassadøren
Møte med ambassadøren
Les om laget og OL-deltakinga på heimesida til Nest-Sotra United. Også den norske ambassaden har omtalt laget på si heimeside.
Tekst: Tove Iren Vindenes og Vigleik Brekke
Foto : Tove Iren Vindenes