Fjell kommune har sidan våren 2010 vore med i eit prosjekt der det vert undersøkt om det er samanheng mellom kosthald og fødselsdepresjon og korleis barnet utviklar seg. Om lag 100 familiar i kommunen deltek i prosjektet.
I ein artikkel på bt.no i dag står det at i dette prosjektet vert mor og barn følgde opp med både biologiske og psykologiske undersøkingar i løpet av graviditeten og dei første leveåra til barnet.
- Me er sikre på at prosjekt vil hjelpa til med kunnskap som kan vera nyttig når ein skal gje råd til gravide og unge familiar rundt kosthald, seier Ingvild Eide Graff. Ho er dr. scient og tilsett på Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking.
Forskarane skryt over eit "fantastisk samarbeid "med helsetenesta i Fjell.