Google
Skriv ut print

UKS drøftar trafikksikring

Ungdommens kommunestyre (UKS) er invitert til å koma med innspel til ein ny trafikksikringsplan. Ungdomspolitikarane kan på møtet i morgon (10. januar) koma med forslag til ulike tiltak til kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/20.



Planprogrammet til kommunedelplanen vart vedteke i komité for drift i november, og fristen for å koma med innspel er 13. januar. Arbeidsgruppa som arbeider med planen ønskjer informasjon og synspunkt frå innbyggjarane, organisasjonar, lag, skular etc. på forhold som har verknad for tryggleiken i trafikken. Det er laga til eit skjema der det er høve til å lista opp prioriterte forslag til tiltak og grunngjeving for forslaga. UKS er representert i arbeidsgruppa ved Gro Elise Fardal. I tillegg er Henriette Nordtveit valt som medrepresentant, evt.vararepresentant i arbeidsgruppa.

UKS skal også få informasjon om ein plan for bustadutvikling i Fjell. Representantar frå samfunnnsplan vil gje informasjon om framlegget til planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-20.

Andre saker i UKS 10. januar

  • Avklaring av samarbeid mellom UKS og eldrerådet for 2011-2012.
  • Tiltaksplan for UKS, arbeidsmøte

Publisert:
09.01.2012
Sist oppdatert:
09.01.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom