På møtet 4. oktober skal det veljast ny leiar i Ungdommens kommunestyre (UKS).
Leiar Mohammed Sarmadawy si funksjonstid på to år i UKS er gått ut, og på møtet i oktober gjev han leiarklubba til ein nyvald leiar. Det skal også veljast nestleiar og personar som kan ha andre verv som til dømes sekretær og økonomiansvarleg.
Nestleiar Joachim Indrevik og leiar Mohammed Sarmadawy
Nestleiar Joachim Indrevik og leiar Mohammed Sarmadawy
Verva i UKS (leiar, nestleiar og eventuelt andre verv) gjeld for eitt år om gongen, medan valperioden for alle medlemene er to år. UKS er samansett av 11 representantar frå Fjell ungdomsskule, Tranevågen ungdomsskule, Danielsen ungdomsskule, Sotra vidaregåande skule og dei kommunale ungdomsklubbane på Straume og Kårtveit.
UKS har 40 tusen kroner til ungdomsprosjekt
UKS har førebels delt ut 10 tusen kroner av UKS sitt tilskot på 50 tusen kroner. Det står dermed 40 tusen kroner igjen som kan delast ut til ungdomsprosjekt i 2011. Fristen for å søkja om tilskot er 1. november. UKS vil drøfta tiltak for å marknadsføra tilskotsordninga. Det er allereie trykt opp brosjyre.
Andre saker på møtet 4. oktober
- Tiltaksplan for UKS
- Overlevering av informasjon om UKS til nye medlemer
- Referat frå deltaking på Ungdommens fylkesutval
Tekst og foto: Vigleik Brekke