Google
Skriv ut print

UKS ønskjer å styrka budsjettet

Ungdommens kommunestyre (UKS) ønskjer at driftsbudsjettet for 2012 vert styrka. På møtet i går (29. november) skulle ungdomspolitikarane gje uttale til budsjettet for neste år.

I forhold til framlegget frå rådmannen, ønskjer UKS å setja av meir pengar til ungdomsarbeid, tilskot til kultur, fritid og idrett, Basecamp, undervisningsmateriell i skulane, spesialpedagogikk og språkdeling.

UKS meiner at det også neste år må setjast av 50 tusen kroner til disposisjon for tilskot retta mot ungdom. UKS ber også om at det beløpet som står att av tilskotsmidlane for 2011 vert overført til 2012.

Andre saker i UKS

  • Ungdomspolitikarane ber om at UKS vert ein del av ePolitikarordninga i Fjell og får utdelt iPad.
  • UKS ønskjer primært at UKS vert representert med to representantar i arbeidsgruppe for kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/20. På møtet i går vart Gro Elise Fardal og Henriette Nordtveit valt som representantar frå UKS i arbeidsutvalet. Dersom UKS får ein medlem i arbeidsutvalet for kommunedelplanen, vert Fardal fast medlem, medan Nordtveit vert varamedlem.

Publisert:
30.11.2011
Sist oppdatert:
30.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom