Fjell kommune hadde eit netto driftsresultat på minus 30,9 millionar kroner i 2011. Det syner rekneskapsresultatet som no er innrapportert.
- Gjennom fjoråret var vi fullt ut klar over at vi ville gå mot eit underskot for 2011. Tidleg på året starta vi ein omfattande prosess i heile organisasjonen med gjennomgang av alle sektorane for å få redusert ubalansen mellom inntekter og utgifter. Dette enda opp med eit politisk vedtak i juni. Eg vil gje ros til både politikarane og dei tilsette for god budsjettdisiplin og gjennomføringskraft, seier økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt.
Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt
Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt
Brutto driftsresultat syner ein minus på 6,5 millionar kroner. Dette er i samsvar med budsjettmålet som vart sett til eit underskot på 6,7 millionar kroner. Fjell kommune har eit driftsvolum på om lag 1,2 milliardar kroner. Sett i lys av dette, har vi treft godt med våre budsjettmål og innsparingstiltak.
Negativ finansrekneskap
Den viktigaste årsaka til eit negativt netto driftsresultat på rundt 30 millionar kroner i fjor er finansrekneskapen. Det var budsjettert med ein gevinst på våre fond på 12 millionar kroner i fjor, medan sluttresultatet viser eit netto urealisert tap på 2,2 millionar kroner. Dette gjev om lag 15 millionar kroner i minus på finanssida i forhold til budsjettet.
Fjell kommune hadde budsjettert med eit netto driftsresultat i 2011 på minus 15,3 millionar kroner. Det er dermed den negative finansrekneskapen på 15 millionar kroner som gjer av Fjell kommune endar opp med eit negativt netto driftsresultat på vel 30 millionar kroner for 2011.
- Sett i lys av den urolege finanssituasjonen i verda i fjor, er eg svært godt nøgd med at netto urealisert tap enda opp ei marginal nedjustering på 2,2 millionar kroner. Dette inneber at finansformuen er tilnærma oppretthalden i 2011, seier Untiedt.
Tekst og foto: Vigleik Brekke