Google

Utanlandsbesøk til Fjell

Med hjelp av EU-midlar har Fjell og Luster kommunar saman med Helse Førde fått ein unik sjanse til å utveksla internasjonale erfaringar og kunnskap om tilbod for menneske med funksjonshemmingar.

I mai var ni personar frå dei tre samarbeidspartnarane i Noreg på besøk i Nederland saman med representantar frå Tyskland og Frankrike. I neste veke (05.09.-08.09.) kjem det ein delegasjon på 23 personar frå dei tre andre europeiske landa til Fjell.

Gruppa var på tur til Nederland i mai i år. 
Gruppa var på tur til Nederland i mai

Samtalane vil først og fremst handla om arbeidsvilkår for utviklingshemma i Europa. Ved besøket i Fjell vert det gjeve informasjon om arbeid og butilhøve for utviklingshemma i Noreg. Mellom anna vert politikarar, kommuneadministrasjonen og NAV utfordra til å seia kva dei kan gjera for å skaffa arbeid til utviklingshemma. Tysdag ettermiddag (06.09.) snakkar leiar av komité for drift, Vidar Arnesen, om kva politikarane kan gjera for å skaffa arbeid til utviklingshemma.

Fjell-ordførar Eli Årdal Berland står for den offisielle opninga av konferanseopphaldet tysdag føremiddag.

Styrar på Straumsfjellet/Straume arbeidssenter, Vågaleitet og Åttringen omsorgsteam, Ragnar Selstø, seier at i Noreg har vi vore flinke til å utvikla gode butilhøve for utviklingshemma. Han meiner at på dette feltet har nok andre land ein del å læra av oss.

- Samstundes kan andre land læra oss ein del i å skapa gode og tilpassa arbeidsplassar. Den gruppa vi konsentrerer oss om har lett for å falla utanfor arbeidsmarknaden. I Tyskland er Stadshotellet i Hamburg eit godt døme på at menneske med funksjonshemma kan driva ein arbeidsplass med stort hell, seier Selstø. I Nederland er fleire kaféar og bilverkstader drivne med eit vesentleg innslag av utviklingshemma.

Turar til Europa

Det er planlagt fleire møtepunkt i dei fire europeiske landa i 2011 og 2012. I tillegg til samlingar i Nederland og Noreg i år, vert det samlingar i Tyskland og Frankrike i 2012. EU-prosjektet har ein god fagleg basis, og eit tysk universitet er med i arbeidet. Det er laga ein førebels rapport om samarbeidsprosjektet.

I tillegg til fagleg påfyll, vert det tid til både bedriftsbesøk og besøk på ulike lokale turistmål.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
01.09.2011
Sist oppdatert:
01.09.2011
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom