Google

Utgreier konkurranseutsetjing i seks tenesteområde

Fjell kommune skal vurdera om seks tenesteområde skal konkurranseutsetjast. Det vedtok kommunestyret etter ein lang og prinsipiell debatt i går kveld. Etter utgreiing av administrasjonen, skal kommunestyret ta endeleg stilling til kva område som eventuelt skal konkurranseutsetjast.

Dei tenesteområda som skal utgreiast er:

  • Reinhald av nokre kommunale bygg
  • Teknisk drift og vedlikehald av idrettsanlegg/hallar
  • Drift av skulefritidsordningar (SFO) seks stader
  • Vaksenopplæring
  • Drift av omsorgsinstitusjon, til dømes Kvednatunet
  • Oppmåling

Samarbeidspartia Høgre, FrP og KrF røysta for utgreiing av konkurranseutsetjing, medan Ap, Venstre, Senterpartiet, SV og eín representant frå Sotralista røysta imot. Fleirtalet i Sotralista røysta saman med samarbeidspartia om å få utgreidd fire av dei seks tenesteområda, men røysta samla imot å utgreia konkurranseutsetjing av drift av omsorgsinstitusjon og av seks skulefritidsordningar.

I vedtaket vert det understreka at ved konkurranseutsetjing skal kvaliteten vera minst like bra som i dag. Det heiter også at det i framtida bør planleggjast for auka valfridom for dei som mottek kommunale tenester.

Skal vurdera framtidig bruk av Fjell skule

Kommunestyret hadde framtidig bruk av nedlagte Fjell skule oppe som drøftingssak. Det er gjort vedtak om å selja skulen og eigedomen, men Ap, Sotralista og Venstre har krevd saka på sakskartet i kommunestyret.

Etter drøfting i går, slutta eit samla kommunestyre seg om å senda eit oversendingsforslag frå Arbeiderpartiet over til ordførar for vidare behandling. I oversendingsforslaget frå Ap heiter det at Fjell skule ikkje skal seljast. Det heiter vidare at "rådmannen får i oppdrag å vurdera kva Fjell kommune bør nytta skuleområdet til. Her må vurderast barnehage, vaksenopplæring, kulturtiltak og elles anna frivillig arbeid. Delar av skulen kan også leigast ut til næringsinteresser."

Ja til «Strakssenger» på Straume


Kommunestyret godkjente samrøystes at det vert etablert strakshjelp døgntilbod på Straume.
Saman med Helse Bergen og Sund kommune, har Fjell kommune utarbeidd ein avtale om å ta i bruk fire senger i sjukeheimspaviljongen på Straume til dette formålet. Øygarden og Askøy kommunar skal etablera eigne tilbod om strakshjelp døgntilbod.

Samhandlingsreforma skal frigjera kapasitet på sjukehus ved å overføra pasientgrupper til kommunale tilbod. Eitt av desse tiltaka er strakshjelp døgntilbod, særleg for pasientar med kroniske lidingar. Det er laga til eit detaljert opplegg som sikrar forsvarleg legedekning på heildøgnbasis i samråd med legane. Dette pilotprosjektet gjev tilbod til pasientar med kols, alle former for lungebetennelse, hjartesvikt, diabetes og eldre med samansette lidingar. Fire senger fordelt på to rom i korttidseininga i sjukeheimspaviljongen er tenkt nytta til det nye tilbodet om strakshjelp døgntilbod.

Fjell og Sund kommunar vil til saman få eit årleg tilskot på knapt 5,2 millionar kroner frå Helsedirektoratet og Helse Vest til og med 2015. Prosjektet skal evaluerast etter drift i to år.

Saka går til endeleg avgjerd i kommunestyret.

Organisering og administrasjon

Rådmannen har etter pålegg frå kommunestyret i budsjettmøtet i desember utarbeidd ei omfattande sak med gjennomgang av organisering og arbeidsform i dei administrative tenestene. Kommunestyret slutta seg samrøystes til innstillinga frå rådmannen om å halda fram arbeidet med effektivisering og tenesteutvikling og vil ikkje tilrå endring i dei administrative tenestene i denne omgang. I vedtaket heiter det at Fjell kommune framleis skal vera ein effektiv og kompetent organisasjon med god tenestekvalitét og høgt brukarfokus.

Godkjente fire reguleringsplanar


Kommunestyret godkjente fire reguleringsplanar på møtet i går.

Plan for Ørnhaugen kystlandsby, Langøyna

Kommunestyret vedtok i januar i fjor å senda planen tilbake for å få han retta opp i samsvar med ei mekling i november 2010 og at Fylkesmannen dermed kunne trekkja motsegn til saka. Det har i ettertid vist seg at delar av meklingsresultatet er ulikt forstått av partane. Etter at planen no er endra i samsvar med referatet frå meklingsmøtet, var planen klar for endeleg godkjenning. Planen er på 113 dekar og legg til rette for fritidsbustader, leilegheitshotell med restaurant og serviceanlegg, småbåthamn og badeplass.

Plan for utbetring av fylkesveg Apalvågen-Eide

Denne planen legg til rette for å utbetra vegen særleg med tanke på fotgjengarar og veg med to kjørefelt. I tillegg med ein vegbreidde på 6,25 meter, er det planlagt gang- og sykkelveg med ein breidde på 2,5 meter.

Plan for Vollvika, Søre Bildøyna

Planen omfattar oppføring av 16 bustader fordelt på to bygg med tilhøyrande parkeringsplass og friområde i strandsona. KPU gjekk 24. mars inn for å godkjenna planen. Denne reguleringsplanen vart godkjent mot 13 røyster (Ap, Venstre, SV og Sp).

Plan for Fløsteinspollen, Bjorøyna

Planen legg til rette for oppføring av 32 nye fritidsbustader og 21 bustader. Planen innheld også tilkomstvegar, grøntareal, to leikeplassar og parkeringsareal. Det er kome inn 28 merknader. Motsegnet, som Fylkesmannen kom med ved tidlegare høyring, er no trekt.

Andre saker i kommunestyret 3. mai

  • Det vart oppnemnd eit stort tal meddommarar og lagrettemedlemer til tre domsutval. Til Nordhordland tingrett er det valt 120 meddommarar, til Gulating lagmannsrett er det valt 36 meddommarar og lagrettemedlemer, til Midt- og Nordhordland jordskifterett er det valt 30 jordskiftemeddommarar. Til slutt vart det tilrådd 16 kandidatar til Hordland fylkesting sitt skjønnsutval.
  • Søknad om godkjenning av ikkje-kommunal barnehage i Skålvika vart samrøystes avslått på noverande tidspunkt.
  • Akseptkriterium og metode til arbeid med risiko og sårbarheitsanalyser til arealplanar vart godkjent.
  • Kommunestyret godkjente fornying av sju skjenkeløyve og 11 salsløyve for alkohol.

Publisert:
04.05.2012
Sist oppdatert:
04.05.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom