Dei siste to dagane har representantar frå Erfurt i Tyskland og barnehage- og skulefolk i Fjell utveksla erfaringar med integrering og inkludering av barn med særskilte behov.
I Tyskland vert skuleopplegget for barn med særskilte behov vanlegvis avklart i løpet av dei tre første skuleåra. Saman med foreldra vert det så teke stilling til korleis barna skal følgjast opp.
Delegasjonen hadde omvisning på Hjelteryggen skule derdet i samarbeid med kulturskulen var undervisning i kunst.
Delegasjonen hadde omvisning på Hjelteryggen skule. Biletet er frå kunstundervisninga som vert gjennomført i samarbeid med kulturskulen.
- Hjå oss vert det gjeve tilbod om ulike spesialskular, til dømes for dei som er blinde, har hørselvanskar eller har fysiske og/eller mentale utviklingshemmingar. Vi tek i større grad i bruk spesialskular enn Noreg, seier prosjektkoordinator for det kommunale undervisningskontoret i Erfurt, Kerstin Vogler.
Ifølgje Vogler er det lågare vaksentettleik blant tilsvarande undervisningsopplegg i Tyskland enn i Noreg. Det er vanlegvis eín eller to vaksne i ei gruppe på 20 barn. Ho fortel vidare at det er eit mål å i større grad enn i dag å integrera barn med særskilte behov i det ordinære skulesystemet slik tilfellet er i Noreg.
Dette er eit EU-prosjekt der deltakarane frå Erfurt og Fjell har besøkt kvarandre. Det er Hjelteryggen skule og Marinøna barnehage som deltek i prosjektet frå Fjell kommune.
Integrering og spesialskular
- På Hjelteryggen har vi bygd opp god kompetanse på integrering. Barn med fysiske og psykiske utviklingshemmingar i heile Fjell kommune får tilbod om undervisning her. Foreldra står sjølvsagt fritt til å velja den lokale skulen, seier rektor på Hjelteryggen skule, Karin Haugen.
Den tyske delegasjonen fekk informasjon om både korleis barnehage og skule er organisert i Fjell. I Noreg er det nokre spesialbarnehagar, men Fjell har kun ordinære barnehagar der barn med ulik funksjonshemming vert integrerte.
- I løpet av desse to dagane har vi fått vist variasjonen i korleis vi organiserer undervisninga. Vi har hatt mange gode samtalar, og representantane frå Erfurt har stilt mange spørsmål. Til våren kjem ein ny delegasjon frå Erfurt der det vert lagt vekt på integrasjon på barnehagenivå. Det vert også besøk i Marihøna barnehage, seier Karin Haugen.
Helsetilbod
Det var også informasjon om helsesøstertilbodet i Fjell. I Noreg er helsesøstertenesta lovpålagt, men foreldra står fritt til å nytta seg av tilbodet. I praksis nyttar alle seg av helsesøster. Tyskland har ikkje noko slikt tilbod, men plikt til å gå til skulelege i første og fjerde klasse.
Ifølgje delegasjonen frå Erfurt står nok Tyskland politisk litt til høgre for Noreg. Etter samanslåinga av Vest- og Øst-Tyskland er det skepsis til statleg styring, og individet sitt rett til å styra sitt eige liv er eit viktig prinsipp. Difor er ikkje den "tyske kulturen" klar for at det offentlege skal gripa inn i dette og innføra helsesøstertiltenesta slik tilfellet er i Noreg.
Tekst og foto: Vigleik Brekke