Google
Skriv ut print

Utvidar samarbeidet om intermediær avdeling

Intermediær avdeling på Straume kan frå i dag av ta imot fleire pasientar frå Helse Bergen.

Fram til no har det vore pasientar frå Ortopedisk avdeling, Nevrologisk avdeling og Kirurgisk avdeling som har fått dette tilbodet. Dette samhandlingstilbodet gjeld pasientar frå Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

I går var ein delegasjon på 15 personar frå Medisinsk avdeling, Lungeavdelinga og Hjarteavdelinga i Helse Bergen på besøk i Fjell for omvising og drøfting av samarbeidet om Intermediær avdeling. Det vart konkludert med at frå i dag av (10.06.) kan også medisin-, hjarte- og lungepasientar få plass på Intermediær avdeling etter opphald på Haukeland universitetssjukehus.

Vigdis EggenVigdis Eggen
Vigdis Eggen

- Vi har kapasitet til å ta imot pasientar frå fleire avdelingar på Haukeland universitetssjukehus, og dermed kan fleire nytta dette tilbodet. På sjukehuset ligg ein gjerne på firesengsrom, medan vi her kan tilby einsengsrom med store flater, seier avdelingsleiar på Intermediær avdeling, Vigdis Eggen.

Ho legg til at her vert det gjeve eit godt tverrfagelg tilbod til pasientane. Mellom anna har avdelinga eit svært godt ergo- og fysioterapitilbod, seier Eggen.

Pilotprosjekt for lokalmedisinsk senter

Intermediær avdeling har seks sengeplassar og er etablert i helseområdet på Straume i Fjell. Målet med dette pilotprosjektet er å gje pasientane god behandling og rehabilitering på det lågaste effektive behandlings- og omsorgsnivået. Tilbodet erstattar den siste fasen av sjukehusopphaldet, og målet er at pasienten etter kort tid kan reisa til sin eigen heim. Etter drift i eitt år, reiste 93 prosent av pasientane direkte heim etter behandling.

Delegasjon frå Helse Bergen i komitésalenDelegasjon frå Helse Bergen i komitésalen
Delegasjon frå Helse Bergen samla i komitésalen

Avdelinga i Fjell ligg nær Straume terapisenter og Fjell sjukeheim, noko som gjev gode forhold for opptrening og trening i terapibasseng og sambruk av personale. Prosjektet har fått mykje positiv omtale, og mange kommunar har besøkt avdelinga.

Intermediær avdeling er eit pilotprosjekt for det lokalmedisinske senteret på Straume som etter planen er klar til bruk i 2014. I dei førebelse planane for senteret er det lagt til rette for 24 sengeplassar. Dette er eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
10.06.2011
Sist oppdatert:
10.06.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom