- I Nederland er det fleire hotell som i stor grad vert drivne av utviklingshemma. Standarden på hotella er god, og dei kjem godt ut i konkurransen med andre hotell.
Dette seier psykolog og filmprodusent Willem Cranen frå Nederland i delegasjonen på 28 personar som har besøkt Fjell kommune denne veka. I Tyskland er det eigen hotellkjede der nesten alle tilsette er utviklingshemma. Delegasjonen er samansett av representantar frå Tyskland, Nederland, Frankrike, Helse Førde, Luster kommune og Fjell kommune.
Willem Cranen i samtale med Ragnar Selstø
Willem Cranen i samtale med Ragnar Selstø
Cranen fortel vidare at det vert også drive fleire alkoholfrie kaféar (lunchroom).
- Dei funksjonshemma er lojale medarbeidarar som hjelper til med å sikra verksemda god inntening, seier han.
- Vi kan også få det til!
- I Noreg har vi vore flinke til å skaffa gode bustader til dei utviklingshemma, men når det gjeld å få denne gruppa inn i det ordinære arbeidslivet har vi ikkje vore like flinke. Det som dei får til i Europa, må vi få til her heime også, seier leiar på Straume Arbeidssenter, Ragnar Selstø.
- I første omgang kan vi bli flinkare til å få dei utviklingshemma inn i eksisterande bedrifter, som til dømes hotell. På sikt bør vi også kunne få til hotell- og kaféprosjekt slik dei har lukkast med i land som Tyskland og Nederland. Vi har mykje å læra av kvarandre, seier Selstø.
Delegasjonen var på omvisning på Straume Arbeidssenter
Delegasjonen var på omvisning på Straume Arbeidssenter
EU-prosjekt
Med hjelp av EU-midlar til prosjektet "Auch wir arbeiten in Europa" har Fjell og Luster kommunar saman med Helse Førde fått ein unik sjanse til å utveksla internasjonale erfaringar og kunnskap om tilbod for menneske med funksjonshemmingar. Første samling var i Tyskland i fjor haust, og i mai i år var ni personar frå dei tre samarbeidspartnarane i Noreg på besøk i Nederland saman med representantar frå Tyskland og Frankrike. I tillegg til samlingane i Nederland og Noreg i år, vert det samlingar i Tyskland og Frankrike i 2012.
- Det har vore kjekt å verta kjent med folk frå dei andre landa. På bedriftsbesøket på Nordnes Verksteder fekk eg gode tips til produkt eg sjølv kan laga, seier Ole Willy Foldnes som til dagleg produserer gjenstander av tre på Straume Arbeidssenter.
Ole Willy Foldnes viser fram nokre av sine produkt
Ole Willy Foldnes viser fram nokre av sine produkt
Konferansen i Fjell varer fram til fredag 9. september. I tillegg til fagdagen på tysdag, har deltakarane fått med seg bedriftsbesøk og informasjon om tilbod for utviklingshemma i Fjell, Askøy og Bergen. Det vart også tid til fisking, strandhogg, handling og besøk til ulike turistmål i Bergen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke