Google
Skriv ut print

Nest-Sotra - 22. og 23. juni - varmt på Rhodos

Nest-Sotra United-gjengen har hatt det varmt og godt på Rhodos denne veka. I går forlot dei Rhodos med kurs for Aten.

Bassenget er populærtBassenget er populært
Bassenget er populært

Dette laget representerer Noreg under Special Olympics i Aten. Alle dei 24 spelarane på laget med følgje får vera med på turen som varer fram til 4. juli. Dei første fem dagane har både spelargruppa og supportargruppa vore samla på Rhodos til trening og fellesskap. Måndag 27. juni er stor fest i Aten der mellom anna ordførar Eli Årdal Berland vert med.

Her fortel lagleiar Tove Iren Vindenes frå dei to siste dagane:


22. juni
Dagen tok til med ei ny treningsøkt ved Kalithea Soccer Club. Gradestokken viste 35 varmegrader, og trass i hyppige pausar, tærte sola meir på kreftene enn dagen før. Det var likevel ikkje noko å seia på innsatsen.

OL-elden på veg til AtenOL-elden på veg til Aten
OL-elden på veg til Aten

Vi var på hotellet på ettermiddagen til vi blei kjørt til Lindos, ein liten søt landsby på Rhodos, med trange smau full av butikkar. Der fekk vi sett fakkeløpet, og OL-elden på si ferd til Aten. Vi var på Lindos saman med den norske delegasjonen og mange andre land, som Sverige, USA, Japan, Israel, New Zealand, Canada, Egypt, Elfenbenkysten m. fl.

Tilskodargruppa nytta høvet til å reisa på badeland i Faleraki, shopping, og sightseeing. Nokre tok også turen utanom hotellet og fikk bada der saman med utøvarane.

23 juni
I trykkande heite spelte vi treningskamp mot Canada, noko vi hadde avtalt på treninga dagen før. Laget vi spelte mot skal konkurrera i femmer-fotball og er regjerande kanadiske meistrar. Det blei ein jamn og spennande kamp. Vi gjekk raskt opp i leiinga, etter ei perle frå Nico, men måtte til slutt sjå oss slått med 2-1. Det var ein vel bestått generalprøve. Med oss på sidelinja hadde vi EMPO TV og leiar for den norske delegasjonen.

Etter treningskampen og økt, bar det tilbake til hotellet for lunsj og pakking av koffertane. Vi blei så kjørt ned til hamn der vi steig ombord i Blue Star I med retning Aten. Ein av spelarane, Geirmund Grøm Sæle, var i skyene da han oppdaga at den japanske delegasjonen også var på båten.

- Det er akkurat som en draum, å vera på ein båt med menneske frå forskjellige land, der ein opplever så mykje. Dette er mi største oppleving i livet, var hans kommentar.

Følg også med på heimesida til Nest-Sotra United.


Publisert:
24.06.2011
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom