Google
Skriv ut print

Vér varsam med bruk av fyrverkeri

På bakgrunn av skader ved bruk av fyrverkeri, vart det innført forbod mot pinnerakettar frå oktober 2008. Ifølgje Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) førte forbodet til halvering av personskadene.

Personar over 18 år kan bruka bakkebatteri/effektbatteri. Desse skal plasserast på horisontal flate og støttast opp slik at det ikkje flyttar på seg eller veltar. Fyrverkeri kan skytast opp mellom klokka 18.00 på nyårsafta og klokka 02.00 natt til første nyårsdag. Sal av fyrverkeri er avgrensa til 30. og 31. desember.

DSB har sett opp 10 reglar for bruk av fyrverkeri. Les meir på heimesida til Sotra Brannvern IKS.

Fjell kommune ønskjer alle innbyggjarane eit godt nytt år!


Publisert:
30.12.2011
Sist oppdatert:
30.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom