Google
Skriv ut print

Verdig minnemarkering i Fjell

- Det har vore ein underleg og vanskeleg sommar.

Slik opna journalist Olav Kobbeltveit sin tale til rundt 100 tilhøyrarar under minnemarkeringa i Fjell rådhus i går kveld. Det var Fjell Arbeiderparti som stod som arrangør av markeringa etter dei tragiske terrorhandlingane i Oslo og på Utøya 22. juli.

Olav KobbeltveitOlav Kobbeltveit
Olav Kobbeltveit

- Heldigvis har vi hatt eit politisk leiarskap som var i stand til å tolka sorga. Vi har opplevd ei nasjonal samkjensle som er eineståande i etterkrigstida. Vi må halda fast med det frie ord om innvandring også heretter, kanskje med litt mindre hat og raseri. Kamp med ord er noko anna enn kamp med våpen, sa Olav Kobbeltveit.

Kommunestyrerepresentant Jan Arthur Nilsen (H) heldt appell. Han var stolt av korleis ungdomen har stått opp etter det som skjedde og understreka at vi skal skapa eit samfunn der alle får delta i vårt demokrati.

- Vi fryktar ikkje framtida, vi skal skapa ho saman, sa Nilssen.

Vel 100 personar møtte opp på minnemarkeringa i gårVel 100 personar møtte opp på minnemarkeringa i går
Vel 100 personar møtte opp på minnemarkeringa i går

Ordførarkandidat for Arbeiderpartiet i Fjell, Marianne Bjorøy, leia minnemarkeringa. Ho synte til at regionen vart hardt ramma då tre ungdomar frå Askøy og Sund ikkje kom tilbake frå Utøya. Ho takka Fjell kommune som har stilt sitt mannskap til disposisjon i denne vanskelege tida.

Fjellkoret, Astrid Fyllingen og Hallgeir Fiskaaen skapte ei fin ramme om markeringa med song og musikk.


Publisert:
22.08.2011
Sist oppdatert:
22.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom