Google
Skriv ut print

Vil delegera hamneforvaltning

Rådmannen føreslår at  Bergen og Omland havnevesen (BOH) framleis skal stå for hamneforvaltninga på vegne av Fjell kommune. Formannskapet skal ta stilling til forslaget komande måndag (25.10).

BOH har sidan 1990 hatt forvaltningsansvaret etter hamnelova. Etter ny hamne- og farvatnslov er dette forvaltningsansvaret lagt til den einskilde kommune. I fjor vedtok kommunestyret å delegera ansvaret fram til utgangen av 2010. Som følgje av at det er uavklart kvar ei ny storhamn skal lokaliserast og korleis ho skal organiserast, føreslår rådmannen at hamnevesenet (BOH) får vidareført ansvaret for hamneforvaltninga.

Regional planstrategi
Formannskapet skal også gje høyringsuttale til fylkeskommunen sitt utkast til regional planstrategi 2010-2012. Temaområde i planstrategien er folkehelse, areal, transport, kultur og næring.

Rådmannen skriv i sitt saksframlegg at kommunen er nøgd med dei rammene som fylket legg for planlegginga dei to komande åra og føreslår at kommunen tek framlegget til etterretning. Han føreslår vidare at der det skal utarbeidast nye regionale planar, bør Fjell kommune som hovudregel ta del i dette arbeidet gjennom Regionrådet Vest.


Tekst: Vigleik Brekke

 

 


Publisert:
22.10.2010
Sist oppdatert:
22.10.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom