Google
Skriv ut print

Vil du vere meddommar?

Norges loverNorges loverFjell kommune skal oppnemne meddommarar til Nordhordland tingrett, Gulating lagmannsrett og Nord- og Midthordland jordskifterett for åra 2013-2016.

Domstollova legg vekt på at alle delar av befolkninga i kommunen bør vere representert i meddommarutvala, jf. ”dømmast av likemenn”. På domstoladministrasjonen si nettside finn du utfyllande opplysningar, og ein eigen rettleiar for vervet som meddommar.

Dersom du ynskjer å stille som kandidat til vervet som meddommar for perioden 2013-16, kan du melde deg innan 1. mars 2012. Ta kontakt med Fjell kommune tlf 55 09 60 00 og spør etter politisk sekretariat. Du kan òg sende inn elektronisk søknadsskjema.

Til orientering kan du ikkje vere meddommar i både lagmannsretten og tingretten, så du må velje ein av dei. Meddommarar i jordskifteretten skal ha særskilt fagkompetanse og kunne ferdast i terreng.

Kommunestyret vil velje meddommarar til ulike domstolutval innan 1. juli 2012. Lista over kandidatar er basert på medlemer frå førre periode, kandidatar som har meldt si interesse og nye kandidatar som valnemnda tilrår.

Krav for å vere meddommar

Vervet som meddommar er i utgangspunktet ei borgarplikt, men samstundes vert det stilt krav:

  • Norskkunnskap: du må ha tilstrekkeleg norskkunnskapar, slik at du kan forstå norsk tale og tekst og uttrykke deg på norsk
  • Personleg eigna: du må kunne følgje forhandlingar i retten, forstå problemstillingar i saka og gje uttrykk for di meining i saka
  • Alder: du må vere fylt 21 år og ikkje meir enn 70 år når meddommarperioden startar 1. januar 2013 (dvs. født etter 31. desember 1942 og før 1. januar 1992)
  • Statsborgar: du må vere statsborgar i Norge eller anna nordisk land, eller stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste år før valdagen.
  • Bustad: du må vere registrert i folkeregisteret som busett i Fjell kommune på valdagen
  • Økonomiske forhold: du kan ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller konkurskarantene på valtidspunktet eller gjennom valperioden. Dersom slike økonomiske forhold er avslutta før valet er dei ikkje til hinder
  • Vandel: du kan ikkje vere straffedømt, bøtelagt (gjeld ikkje forenkla førelegg) eller sikta. Sjå utfyllande krav i domstollova § 72. Vandel vert sjekka hos politiet.
  • Stilling: du kan ikkje vere representant i Stortinget, fylkesmann, dommar, tilsett i politiet og kriminalomsorga, advokat, kommunal administrasjonssjef m.m. Sjå utfyllande krav i domstollova § 71.

Kommunen vil kontrollere at ingen vert valt i strid med domstollova.


Publisert:
16.02.2012
Sist oppdatert:
17.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom