Google
Skriv ut print

Vil gje konsesjon til Sotra Kino AS

Under føresetnad av at det ikkje melder seg andre aktørar, får Sotra Kino AS konsesjon for kinodrift i Straume sentrum.

Det står ein samla komité for drift bak dette vedtaket tysdag kveld. Det vert gjeve offentleg varsel om at Sotra Kino AS får konsesjonen. Dersom det ikkje kjem inn andre søknader innan 30. september, vert konsesjonen gjort gjeldande frå første oktober.

Komité for drift legg til grunn at Sotra Kino AS går i dialog med kommunen, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar om kinodrifta. Selskapet Sotra Kino AS er eigd av Radio Sotra AS og Sartor Holding AS.

Sak om Fjell gamle skule går til kommunestyret

I samband med gjennomgangen av handlingsplanen for komité for drift, vart det vedteke at saka frå april 2009 om etterbruk av det gamle skulebygget på Fjell, skal leggjast fram for kommunestyret. I 2009 vedtok komitéen at gymnastikksalen på skulen framleis skulle inngå som ein del av kommunen sitt tilbod om treningskapasitet til lag og organisasjonar. I vedtaket gjekk det vidare fram at det skulle arbeidast med planar om eit ungdomskulturhus og ha ein god dialog med Fjell grendalag.

Fjell sentrumFjell sentrum
Fjell sentrum

No skal altså saka leggjast fram for endeleg avgjerd i kommunestyret. Komité for finans og forvaltning vedtok i går (30. august) at saka om sal av eigedomar, mellom anna Fjell gamle skule, skal sendast tilbake til administrasjonen (sjå eigen artikkel).

Nye fastlegeheimlar

Komitéen vedtok samrøystes at det vert oppretta to nye fastlegeheimlar i perioden 2011-2014. For tida er det tilstrekkeleg med legeheimlar. Med venta befolkningsauke og godkjente legeheimlar, kan rådmannen raskt få godkjent søknad frå Helsedirektoratet når behovet melder seg. Ein av heimlane er tenkt lokalisert til Ågotnes-området, medan den andre er planlagt lokalisert i Straume-området.

Nei til samanslåing av komitéar

Med åtte (FrP, Høgre og to uavhengige) mot tre røyster (Ap) gjekk komité for drift inn for å oppretthalda tre komitéar (komité for drift, komité for finans og forvaltning og komité for plan og utvikling). Komitéen ønskjer også å oppretthalda det politiske arbeidsutval. Formannskapet skal ha 11 faste representantar med varamedlemer. Komitéen går vidare inn for at den politiske styringsmodellen skal evaluerast i løpet av komande kommunestyreperiode. Mindretalet (Ap) røysta for rådmannen si innstilling som mellom anna innebér samanslåing av komité for drift og komité for forvaltning. Innstillinga frå komité for drift samsvarar med innstillinga frå komité for finans og forvaltning og komité for plan og utvikling .

Fri skuleskyss for elevar på Ekerhovd og Kolltveit

Komitéen vedtok at alle elevane som bur sør for Ekerhovd skule skal ha fri skuleskyss i vinterhalvåret. Dette vart grunngjeve med at desse elevane har særleg farleg skuleveg. Vegstykket nord for skulen vil bli vurdert ved eit seinare høve. Elevane på første til fjerde årstrinn på Kolltveit skule busett på Bildøy får fri skuleskyss i vinterhalvåret.

Andre saker i komité for drift 30. august

  • Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell 2011: Komiteen tok tilstandsrapporten til etterretning. rapporten må leggjast fram for den nyvalde komitéen straks etter valet.
  • Komité for drift godkjente fordeling av innsparing på eín million kroner i tilskotsordningar til kulturføremål.


    Tekst: Vigleik Brekke

Publisert:
31.08.2011
Sist oppdatert:
31.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom