Komité for plan og utvikling (KPU) innstiller overfor kommunestyret å godkjenna fleire reguleringsplanar.
Komitéen var i går (8. november) samla til sitt første møte i denne kommunevalperioden. Innstillinga i alle reguleringsplansakene vart gjort samrøystes.
Frå møtet i komité for plan og utvikling i går
Frå møtet i komité for plan og utvikling i går
Plan for Coast Center Base, Ågotnes
Dette er ein plan som omfattar nærare 890 dekar for nærings- og industriareal og hamneområde på land og i sjø. Innkomne merknader gjeld mellom anna utfylling i Kvernavatnet. Planen er no til sluttbehandling, og komité for plan og utvikling føreslår at planen vert godkjent. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.
Plan for Tona Sør, Valen
KPU går inn for å godkjenna denne planen som legg til rette for 28 husvære med fellesareal og leikeplassar. Etter motsegn frå Fylkesmannen er planen endra på vesentlege punkt. Det reviderte framlegget har lege ute til nytt offentleg ettersyn. Også denne planen er klar for sluttbehandling. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.
Plan for Hesthagen, Brattholmen
Det vert i dette planframlegget lagt til rette for oppføring av sju bustader i felt som konsentrert/spreidd småhusbusetnad. Etter motsegn frå Fylkesmannen, er planen endra på vesentlege punkt og har lege ute til nytt offentleg ettersyn. Det er gjort nokre mindre endringar i føresegnene. KPU går inn for å godkjenna planen. Kommunestyret tek endeleg avgjerd til planen.
Utbetring av fylkesveg 206
Denne reguleringsplanen (1. gangs behandling) legg til rette for opprusting av eksisterande veg mellom Bildøybakken og Døsje med fortau og utbetring av kryss mellom fylkesveg 206 og fylkesveg 258. Den aktuelle strekninga er på 1,1 kilometer, og vegen er planlagt for ein breidde på 5,75 meter og fortau med ein breidde på 2,5 meter. Komitéen vedtok å leggja planen ut til offentleg ettersyn.
Plan for småbåthamn i Haganesvika
Det ligg føre framlegg til ein detaljreguleringsplan for småbåthamn i Haganesvika. Planen gjeld tre nye naust, småbåthamn for om lag 80 båtar, molo, kai, flytebryggjer og bølgjebrytar. Det vart vedteke at planen med nokre endringar vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Avviste klage på kommunestyrevedtak
Komité for plan og utvikling avviste ei klage på kommunestyret sitt vedtak om å godkjenna reguleringsplan på Solsvika (vest for Skjergardsvegen like før Solsvikbrua). Det har kome inn tre klager på vedtaket. Klagene er i hovudsak retta mot den høge utnyttinga, den valte bustadtypen og at rekkje følgjekravet om gang- og sykkelveg er teke ut av planen. Med åtte mot tre røyster (Ap og SV) vart klagen på møtet i går avvist.
Klagesaka på eit tiltak på Ekren (retting og tvangsmulkt) og saka om pålegg om sikring av fjellskjering ved ein bustad på Fjell vart utsett for synfaring. Komitéen behandla også sju andre klagesaker på møtet i går. Nokre av klagesakene vart utsette for synfaring.
KPU godkjente søknaden om regulering til bustadføremål på Tveita og søknad om reguleringsendring for del av plan for Skorane, Vindenes.
Tekst og foto: Vigleik Brekke