Google
Skriv ut print

Vil godkjenna plan for sambruksfelt

Formannskapet går samrøystes inn for å godkjenna reguleringsplan for sambruksfelt på riksveg 555 mellom Straume og Knarrvika.



Rådmannen hadde føreslått å ta innfartsparkering med tilkomst og austre rundkjøring ut av planen. Fleirtalet på åtte medlemer meiner at ekstra innfartsparkering på "McDonalds"-tomta kan aksepterast, men berre fram til parkering under Sartor Storsenter er etablert. Mindretalet (Ap) støtta innstillinga om å ta innfartsparkering og rundkjøring ut av planen.

Planen omfattar ei strekning på 1,8 kilometer og legg til rette for å utvida riksveg 555 frå to til fire felt der to av felta er reservert for kollektivtrafikk. Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.

Framdriftsplan for Sotrasambandet

Fjell kommune sin prosjektleiar for Sotrasambandet, Willy Sørensen, la fram eit oversyn over framdrift og innhald i saka om fastlandssambandet. Formannskapet signaliserte at prosessen må vera prega av god samhandling med aktuelle aktørar som næringsliv og nabokommunar.

Måndag 20. februar presenterer Statens vegvesen framlegget til kommunedelplan for riksveg 555 Sotra-Bergen (Kolltveit-Storavatnet) i eit utvida formannskapsmøte der kommunestyret, næringslivet, nabokommunar, media og andre aktørar vert til stades. Etter planen kjem saka opp til behandling i formannskapet 27. februar med sikte på at planen vert vedteken lagt ut til offentleg høyring i seks veker. Det er Statens vegvesen som administrerer høyringa.

Framlegget til Nasjonal transportplan (NTP) vert lagt fram 29. februar. Målet er at Bergen og Fjell kommunar gjer endeleg vedtak for kommunedelplanen slik at fylket kan gje uttale til NTP på fylkestingsmøtet 12. juni. NTP er klar for endeleg behandling i Stortinget våren 2013.

Planprogram for plan for bustadutvikling

Formannskapet godkjente planprogram for kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. Planen har lege ute til offentleg ettersyn i åtte veker. Det kom inn 13 innspel til planen. Sju av innspela gjeld konkrete areal og vert vurderte som relevante for planarbeidet. Tre av innspela tek opp ulike problemstillingar, medan tre av innspela gjeld medverknad i planarbeidet.

Det vert etablert to arbeidsgrupper. Gruppa "Attraktiv bustadkommune" skal utarbeida framlegg til visjonar, mål og tiltak for å utvikla Fjell til ein attraktiv bustadkommune. Gruppa for "Bustadsosiale behov og utfordringar" skal gjennomgå og vurdera kommunen si organisering av bustadsosialt arbeid. Formannskapet er styringsgruppe for planen, medan Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) er valt som saksordførar.

Kommunedelplan for Eide

Saksordførar for denne planen, Odd Bjarne Skogestad (KrF), orienterte om status for planarbeidet. Vestavind Kraft har trekt seg frå samarbeidet og arbeider dermed ikkje med planar om vindpark på Eide. Det er lagt opp til ein stram framdriftsplan med sterk medverknad frå ulike aktørar. Det er ønskjeleg med ei politisk drøfting av overordna prinsipp om kva utvikling kommunen ønskjer på Eide og vestsida generelt. Dette gjeld kvar næringsareala skal liggja i kommunen og i kva grad det skal leggjast til rette for industri, arbeidsintensiv næring, kultur, turisme, friluftsliv, bustader og samfunnsutvikling på Eide.

Formannskapet slutta seg til ein høyringsuttale om planprogram for regional næringsplan 2013-2017.



Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
14.02.2012
Sist oppdatert:
14.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom