Google
Skriv ut print

Vil godkjenna plan for utbetring veg på Bjorøyna

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk i går (10.05.) inn for å godkjenna reguleringsplan om utbetring av fylkesveg 207 på Bjorøyna.
Planen legg til rette for opprusting av eksisterande veg frå krysset med den kommunale vegen til Bjorøyhamn i nord til brua i Tyssøyna i sør. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.



Fylkesvegen på Bjorøyna er i dag smal og det er berre nokre stader det er fortau langs vegen. Målet med planen er å utbetra vegen for tovegstrafikk med ei total vegbreidde på 6,25 meter. Langs vegen er det planlagt fortau med ein breidde på 2,5 meter.

Planen har lege ute til offentleg ettersyn, og det er kome inn fleire merknader. Difor er det gjort nokre endringar og justeringar i planen.

Behandla to klagesaker på reguleringsplanar

KPU skulle ta stilling til to klager på reguleringsplanar vedtekne i kommunestyret.

Den eine klagen gjaldt plan for Stovebakken (Våge) om plan for bustader og småbåtanlegg. Komitéen avviste klagen som dermed går til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Den andre klagen omfatta plan for Midtre Fjell om 14 bustadeiningar i klyngetun. Denne klagen vart utsett for synfaring.


Publisert:
11.05.2011
Sist oppdatert:
11.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom