Etter ein engasjert debatt gjekk komité for plan og utvikling (KPU) i går inn for at det vert lagt fram to nye uavhengige geolograpportar for Kystverket si planlagte utdjuping i Vatlestraumen.
Fleirtalet i på sju medlemer i komitéen (Sp, Ap, SV, Sotralista, KrF og eitt medlem frå Høgre) vil også at det skal leggjast fram ein rapport om klargjer dei økonomiske konsekvensane av ei eventuell langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Innstillinga går vidare til kommunestyret.
Mindretalet på fire medlemer (Frp og to medlemer frå Høgre) gjekk inn for å godkjenna tiltaket slik det går fram av søknaden frå Kystverket.
Frå møtet i går. Frå venstre: konstituert plan- og utbyggingssjef Bjørn Erik Kristiansen, møteleiar Daniel- Victor Sandvik og sjefsingeniør Einar Lunde
Frå møtet i går. Frå venstre: konstituert plan- og utbyggingssjef Bjørn Erik Kristiansen, møteleiar Daniel- Victor Sandvik og sjefsingeniør Einar Lunde
Tiltaket skal auka tryggleiken
Den planlagte utbetringa skal auka tryggleiken for skipsfarten i Vatlestraumen. Topografien og straumforholda i området er utfordrande, og navigatørar må gjera fleire store kursendringar innanfor eit kort tidsrom i det tronge farvatnet. Grunnflaket skal sprengjast ned frå ni til 14 meter. Bjorøytunnelen ligg i området, og den næraste sprenginga skjer om lag 65 meter frå tunnelen. Fjell kommune har i fleire møte med Kystverket reist spørsmålet om det økonomiske ansvaret dersom Bjorøytunnelen vert langvarig stengt som følgje av sprengingsarbeidet. Alle beredskapsaktørane er i fellesskriv informerte om at Kystverket tek på seg kostnadene ved ei eventuell langvarig tunnelstenging.
Utdjupinga av Vatlestraumen vil etter planen starta opp i vår etter at kommunestyret har gjort endeleg vedtak. Arbeidet er venta å ta om lag fire månader, og sprenging skal skje mellom klokka 10.00 og 14.00 måndag til fredag. Tunnelen vert stengt i inntil eín time ved kvar sprenging.
Kystverket har utarbeidd ein eigen informasjonsstrategi som sikrar gode rutinar for varsling og informasjon under anleggsperioden. Fjell kommune har utarbeidd ein beredskapsplan for eventuell langvarig stenging av Bjorøytunnelen. Etter avtale med Sund kommune omhandlar planen både Bjorøyna (Fjell kommune) og Tyssøyna (Sund kommune).
Reguleringsplan for Spjeld
KPU går inn for å godkjenna reguleringsplan for Spjeld. Planen legg til rette for maksimalt 18 bustader, tilkomstvegar, grøntareal, leikeplassar, parkering og garasjeanlegg. Administrasjonen vert beden om å kontakta Statens vegvesen for å få vurdert trafikksikringstiltak ved krysset til fylkesvegen. Saka vert avgjort av kommunestyret.
Komitéen utsette saka om førespurnad om regulering til bustadføremål på Ebbesvikneset
Det vart teke stilling til seks klagesaker.
Tekst og foto: Vigleik Brekke